E-faktura

Sist oppdatert: 10.01.2014
Du betaler rekninga di i nettbanken - kvifor ikkje få den levert dit også? Bruk e-faktura, så sparer du tid og 35 kroner for kvar rekning.

Kvifor e-faktura?

  • Du sparer 35 kroner for kvar rekning.
  • Du får påminning om rekninga på e-post.
  • Du har full kontroll - ingen pengar blir trekte frå kontoen din før du godkjenner betalinga i nettbanken.
  • Du kan endre betalingsdato og beløp sjølv.
  • Du slepp å taste inn KID-nummer og kontonummer for å betale rekninga.
  • Du får tak i rekninga di kvar du enn er.
  • Du kan betale månadleg sjølv om du har e-faktura. Del terminbeløpet i tre, og pass på at heile summen er betalt innan fristen.

Blir kontoen min belasta automatisk når eg bestiller e-faktura?

Nei, e-faktura er ikkje det same som avtalegiro. Du må sjølv trykkje på ”betal” for at kontoen din skal bli belasta.

Mindre papir

Du slepp å få faktura i posten og sparer miljøet ved å bruke mindre papir.

Du kan enkelt bestille e-faktura på Dine sider

Du kan inngå avtale om e-faktura på Dine sider. Det tek berre nokre få minutt. Du kan også inngå avtale om e-faktura i nettbanken din.

Steg for steg - dette gjer du på Dine sider for å få e-faktura:

  1. Logg deg inn på Dine sider, og vel e-faktura frå menyen.
  2. Du kjem no rett til ei side der det står informasjon om e-faktura. Nedst er det ei lenkje for bestilling av e-faktura. Klikk på lenkja.
  3. I neste bilete loggar du inn med BankID - same innlogging som du bruker i nettbanken.
  4. Du får no opp eit bilete der du må krysse av for å godkjenne avtalen. Her kan du også leggje inn den e-postadressa du vil ha varselet sendt til.

Dersom referansen til e-fakturaen din ikkje følgjer med automatisk, er det enkelt å finne den. Referansen din for e-faktura er kundenummeret ditt. Kundenummeret ditt står øvst på Dine sider.

Neste rekning kjem no med e-faktura i nettbanken din.

Du kan også bestille e-faktura i nettbanken din

Når du betaler rekninga i nettbanken, får du vanlegvis spørsmål om du vil ha e-faktura. Klikk ja, så får du neste rekning på e-faktura.

Du kan også bestille e-faktura i nettbanken din utan å betale ei rekning:

  1. Gå inn i nettbanken din.
  2. Registrer kundenummeret ditt som referansen til e-fakturaen din. Kundenummeret ditt står øvst på Dine sider, og på forrige rekning frå Lånekassen.
  3. Neste rekning kjem som e-faktura i nettbanken.