Renter

Sist oppdatert: 10.01.2014
Når du er ferdig med utdanninga, har slutta eller ikkje lenger får stipend eller lån, blir det rekna renter frå første månadsskiftet.

Så lenge du får pengar frå Lånekassen til fulltidsutdanning, er lånet rentefritt under utdanninga.
Renta er marknadsstyrt

Renta er marknadsstyrt

Stortinget har bestemt at renta på utdanningslånet skal vere marknadsstyrt. Både den flytande og den faste renta blir fastsett for to månader om gongen.. Her kan du lese om korleis renta i Lånekassen blir fastsett.

Fast eller flytande rente

Når du er ferdig med å studere, vil du automatisk få flytande rente på lånet ditt. Du kan også velje fast rente. Når du er ferdig med fastrenteperioden din, får du automatisk flytande rente. Sjekk rentesatsane her.