For opptak på mastergradsstudiet i allmenn litteraturvitskap må ein ha fullført bachelorgrad med fordjuping i allmenn litteraturvitskap (minimum 80 studiepoeng). Studiet har karaktergrense C på fordjupinga ved opptak.
Minimum 65 studiepoeng må vere henta frå emne i faget sjølv. 15 studiepoeng kan hentast frå relevante modular i andre fag, for eksempel filosofisk estetikk, filmvitskap og kunsthistorie, eller frå litterære fordjupingsmodular i språkfag. For studentar med ein grad i allmenn litteraturvitskap frå andre læringsinstitusjonar gjeld egne krav. Andre relevante emnekombinasjonar frå andre institusjonar kan og vurderast etter søknad.
Søknadsfrist er 15. april og du søker via Søknadsweb.
Merk: Dersom du har bachelorgrad fra norsk høgskole, privatskole eller utdanningsinstitusjon i utlandet, ta kontakt med fakultetet for å undersøke om du må søke innpassing av tidligere utdanning. Søknadsfristen for dette er 1. april.