Kva kan studiet av skjønnlitteratur seie oss om ideologiske motsetningar, kjønnsrelasjonea, politikk og moral i eit bestemt samfunn eller ei bestemt tidsepoke? Kan ein bruke skjønnlitteratur og andre kunstuttrykk som historisk kilde? Korleis forheld me oss vitskapeleg til språklege og litterære fenomen?
Masterprogrammet tar sikte på å gi ei djupare innsikt innanfor utvalde område av verdslitteraturen. Samstundes vert fokus retta mot litteraturteoretiske og estetiske problemstillingar, litteraturvitskaplege metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar.
Masterprogram allmenn litteraturvitskap er delt i to delar. Tre emne utgjer eit felles generelt fagstudium som skal gi deg ein vitskapsteoretisk, litteraturteoretisk og faghistorisk kompetanse som bakgrunn for vitskapleg arbeid med litteratur på masternivå. Her møtar du tekstar frå blant anna den europeiske litteraturen frå antikken til i dag, moderne litteraturteori, estetisk teori, poetikk, sjangerteori, interpretasjonsteori, faghistorie, litteraturhistorieteori og aktuell litteraturvitskapleg debatt.
Programmet skal ha ein komparativ profil, og så langt det er mogleg skal pensum lesast på originalspråka (i særleg mon gjeld dette kravet for masteroppgåva).
Eit kurs om formelle og tematiske krav til ei masteravhandling og sjølve masteravhandlinga utgjer eit individuelt spesialstudium.
Kvifor velje masterprogram allmenn litteraturvitskap? Allmenn litteraturvitskap ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap er eit aktivt fagmiljø med variert undervisings- og forskingsaktivitet. Det forskast på emne som spenner frå antikkens litteratur, europeisk barokk og 1700-tal til modernistisk litteratur, og eit mangfold av teoretiske perspektiv inkludert moderne kjønnsteori og psykoanalytisk teori. Dei tilsette deltek i fleire store tverrfaglege forskingsprosjekt - både nasjonale og internasjonale - som omhandler blant anna 1700-talet, estetiske teknologiar, globalisering, og heteronormativitet.
Fakta om masterprogram allmenn litteraturvitskap
Gradsnivå: Master Varigheit: 2 år Avgrensa tilgang: Ja