Med fullført masterstudium i fysisk planlegging kan du sjå for deg ulike spennande jobbar innan samfunnsplanlegging og forvaltning.
Alle kommunar og fylkeskommunar skal utarbeide og ajourføre planar. Dei står sjølv for oversiktsplanar, mens regulerings- og byggeplanar ofte blir utarbeid av private konsulentfirma. Mange interesser og ulike organ skal delta i planprosessen. Det opnar for eit stort tilbod av jobbar både i offentleg og privat sektor.
Har du fagbakgrunn i teknisk, naturfagleg eller tilsvarande retning er det kanskje mest naturleg å arbeide spesifikt med fysisk planar. Med andre fagbakgrunnar vil du kanskje heller vere kvalifisert til å medverke i tverrfagleg planarbeid og -prosess.
NTNU, 7491 Trondheim, tlf. 73 59 50 00.
Kontakt oss
Ansvarlig redaktør: Informasjonssjef Christian Fossen