Studentane skal kvart år ha ein utdanningsplan som må godkjennast av programstyret. Planen skal registrerast i byrjinga av haustsemesteret slik at oppmelding i emne kan skje innan 15. september for haustsemesteret, og 15 februar for vårsemesteret.
Emne skal ordinært velgast blant dei tilrådde emna i den valde fagprofilen. Programstyret kan godkjenne val av andre emne dersom det er kapasitet.
Deltidsstudiar
Programstyret kan godkjenne søknad om deltidsstudiar for eitt år om gongen i samsvar med utdanningsplanen. Studenten kan ikkje bruke meir enn tre år på same årskurs. Masteroppgåva kan ikkje takast som deltidsstudium.
Masteroppgåve
Masteroppgåva skal vere på 30 studiepoeng,
For å få starte arbeid med masteroppgåve må alle obligatoriske og valgbare emne som inngår i utdanningsplanen, vere bestått. Programstyret kan i særskilde tilfelle fråvike dette, og skal ta omsyn til omfanget av gjenståande emne og om dei er viktige for gjennomføring av masteroppgåva.
Masteroppgåva skal normalt takast ut i løpet av veke 2, alternativt veke 33. Tidsramma for arbeidet er 20 veker. Programstyret kan godkjenne utvida tidsramme dersom:
studenten har undervisningsarbeid ved NTNU
studenten blir forsinka i arbeidet på grunn av sjukdom eller andre tvingande grunnar
studenten utfører masteroppgåva i utlandet.
Masteroppgåva kan gjerast:
Individuelt
I gruppe med individuell vurdering
I gruppe med felles vurdering
Alle studentar har krav på å få gjera masteroppgåva individuelt. Studentar kan velge oppgåveform 2 og 3 dersom dei sjølv set saman gruppa og emneansvarleg for oppgåva godtek det. I tilfelle 2 skal den enkelte students bidrag kunne skillast ut. Ved gruppearbeid skal studentane på førehand inngå skriftleg avtale om forholdet. Avtalepartane er studentane i gruppa og emneansvarleg. Det blir brukt særskild avtaleformular.
Den innleverte masteroppgåva med vedlegg kan fritt brukast av NTNU til undervisnings- og forskingsformål. Ved bruk ut over dette, som utgjeving og anna økonomisk utnytting, må det gjerast særskild avtale mellom NTNU og kandidaten.
Studenten kan normalt ikkje levere svar eller vedlegg til desse etter oppsett innleveringsfrist. Det aktuelle instituttet kan i særskilde tilfelle gje utsetting.
Tilgang til eksamen
For å få tilgang til eksamen må studenten ha fått godkjent eventuelle obligatoriske øvingar i emnet.
Utsett eksamen
I emna som blir undervist av fakultet for arkitektur og biletkunst, blir utsett eksamen lagd til neste ordinære eksamensperiode. I andre emne gjeld reglane for ansvarleg fakultet. Ved gjentak av eksamen i emne der øvingsarbeid tel 50 % eller meir, må det leverast nytt eller revidert øvingsarbeid.
NTNU, 7491 Trondheim, tlf. 73 59 50 00.
Kontakt oss
Ansvarlig redaktør: Informasjonssjef Christian Fossen