Menyoversikt Tilgjengelighet
NTNU
Startside Studier Student i Trondheim Etter- og videreutdanning Forskning Næringsliv og nyskaping Om NTNU Aktuelt

PhD-programmet i historie og kulturfag

Vi kan oppsummere PhD-studiet i historie og kulturfag med følgjande tre punkt:

  1. Eit sjølvstendig forskingsarbeid på eit spesialfelt som skal resultere i ei vitskapleg avhandling på høgt fagleg nivå
  2. Opplæring i vitskapleg teori og metode som gir fagleg soliditet og innsikt i eigenarten til fagdisiplinane
  3. Opptrening av evna til å sette faget sitt inn i ei større ramme gjennom fagleg refleksjon

Historie og kulturfag omfattar etablerte humanistiske disiplinar som arkeologi, filosofi, engelsk/fransk/tysk kulturkunnskap, historie, klassisk kultur, kristendomskunnskap og religionsvitskap. Gjennom PhD-studiet i historie og kulturfag ved Det historisk-filosofiske fakultetet, NTNU, får du moglegheit til å spesialisere deg i eitt av desse fagområda. Fagområda blir òg studerte gjennom forskjellige tverrfaglege perspektiv og innafor rammene av breie, multidisiplinære prosjekt. PhD-programmet i historie og kulturfag er òg opent for kandidatar med bakgrunn i andre fagområde viss tema, prosjektskildring og problemstilling skulle tilseie det.

PhD-studiet er normert til tre år på fulltid. Studiet er avhandlingsorientert. Arbeidet med avhandlinga er normert til 2 1/2 år på fulltid. I tillegg kjem ein opplæringsdel normert til 1/2 år som rommar grundig kursing i vitskapleg teori, refleksjon og metode. Ein viktig del av skoleringa i PhD-programmet i historie og kulturfag er at doktorgradskandidatane blir introduserte for relevante vitskaplege forskarmiljø utanfor NTNU, både nasjonalt og internasjonalt.

Du finn meir informasjon om PhD-programmet i historie og kulturfag ved å bruke menyen til venstre, eller ved å lese den fullstendige Studieplan for PhD-programmet i historie og kulturfag.

Leiar for PhD-programmet i historie og kulturfag

Professor Per Hernæs
Institutt for historie og klassiske fag
telefon: 73596844
e-post: per.hernaes@hf.ntnu.no

Programleiar sitt mandat

Kontaktperson

Hanne Siri Sund
E-post: hanne.siri.sund@hf.ntnu.no
Telefon: 73 59 66 30

Ta gjerne kontakt viss du har spørsmål om forskarutdanninga!