Menyoversikt Tilgjengelighet
NTNU
Startside Studier Student i Trondheim Etter- og videreutdanning Forskning Næringsliv og nyskaping Om NTNU Aktuelt

Rapportering
Paragraf 9 i Forskrift for graden Philosophiae Doctor (PhD) ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) legg føringar for rapporteringa i PhD-studiet.

Kven?

Både kandidat og hovudrettleiar skal rapportere til fakultetet. Eventuelle birettleiarar kan rapportere saman med hovudrettleiar eller på eiga hand.

Kor ofte?

Framdriftsrapporteringa skjer ein gong i året. Det historisk-filosofiske fakultetet har sett fristen til 15. februar.

Korleis?

Kandidat og rettleiar leverer kvar sin framdriftsrapport. Partane skal rapportere uavhengig av kvarandre, og rapportane skal vere skrivne på eigne skjema. Desse skjemaa ligg i skjemabanken for forskarutdanning.

Korfor?

Det historisk-filosofiske fakultetet har eit ønskje om å følgje opp PhD-kandidatane på ein god måte. For å nå dette målet, er vi avhengige av tilbakemeldingar om korleis stoda er. Tovegs kommunikasjon mellom alle involverte partar er ein føresetnad for eit godt samarbeid!