PhD-studiet i tverrfaglege kulturstudiar omfattar:
Eit sjølvstendig forskingsarbeid på eit spesialfelt som skal resultere i ei vitskapleg avhandling på høgt fagleg nivå
Opplæring i vitskapsteori, fagteori og metode som gir fagleg soliditet og innsikt i eigenarten til faget
Opptrening av evna til å sette faget sitt inn i ei større ramme gjennom fagleg refleksjon og praksis
PhD-programmet i tverrfaglege kulturstudiar rommar teknologi- og vitskapsstudiar og kvinne- og kjønnsstudiar. Gjennom PhD-programmet i tverrfaglege kulturstudiar ved Det historisk-filosofiske fakultetet, NTNU, får du høve til å spesialisere deg i eitt av desse tverrfaglege områda. PhD-programmet i tverrfaglege kulturstudiar er retta mot kandidatar med bakgrunn i samfunnsvitskaplege og humanistiske fag, men det er òg opent for kandidatar med bakgrunn i fagområde som teknologi og naturvitskap viss fagleg bakgrunn, tema, prosjektskildring og problemstilling ligg til rette for det.
PhD-studiet er normert til tre år på fulltid. Studiet er avhandlingsorientert. Arbeidet med avhandlinga er normert til 2 1/2 år på fulltid. I tillegg kjem ein opplæringsdel normert til 1/2 år som rommar grundig kursing i vitskapsteori, fagteori og metode. Ein viktig del av skoleringa i PhD-programmet i tverrfaglege kulturstudiar er at doktorgradskandidatane blir introduserte for relevante vitskaplege forskarmiljø utanfor NTNU, både nasjonalt og internasjonalt.