På denne siden finner du: kva er eit patent kvifor patentere kva kan patenterast kvar og korleis søkje patent kva bør du tenkje på kva skal søknaden innehalde kor mye kostar det å søkje patent kva skjer med søknaden kor lenge varer patentvernet
Kva er eit patent?
Eit patent vernar ei konkret løysing på eit teknisk problem.
Eit patent gir deg einerett til å utnytte oppfinninga di kommersielt for eit avgrensa tidsrom. I denne perioden kan du hindre andre i å produsere, importere eller selje oppfinninga som du har patentert.
For å få patent må oppfinninga di oppfylle visse krav. Les meir.
Kvifor patentere?
Eit patent kan gi deg ein viktig konkurransefordel fordi du får eineretten til å utnytte oppfinninga di kommersielt.
Ved å kunne dokumentere din rett til ei oppfinning, har du også eit godt utgangspunkt for å forhandle om finansiering av utviklingskostnader, og for å inngå sals- og lisensavtalar.
På denne måten gir patentvern deg større moglegheit til å sikre investeringane dine og dekkje dei kostnadene som nyskapinga og produktutviklinga di representerer.
Kva kan patenterast?
Det blir gitt patent på oppfinningar.For å få patent, må oppfinninga di utgjere ei praktisk løysing av eit problem, der løysinga har teknisk karakter, teknisk effekt og kan reproduserast. Du kan ikkje få patent på ein idé utan å forklare eller vise korleis det kan gjennomførast i praksis.
Framgangsmåtar, produkt, apparat og bruk kan patenterast. Til dømes glidelåsar, datamaskinteknologi og blodanalysar.
Oppfinninga må vere ny.Du må ikkje gjere oppfinninga kjent for andre før den dagen du leverer inn ein patentsøknad. Alt om oppfinninga som er omtalt i tidlegare patent, tidsskrifter eller annan litteratur (gjeld heile verda), vil vere til hinder for å få patent. Det same gjeld dersom du har vist fram oppfinninga på ei utstilling eller under eit foredrag, eller det er blitt omtalt i ei avis eller lagt ut for sal.
Oppfinninga må skilje seg vesentleg (oppfinningshøgde) frå tidlegare kjend teknikk på området. Den kan ikkje berre vere ei logisk vidareføring av tidlegare kjent teknikk.
Kvar og korleis skal du søkje patent?I Noreg:
For å søkje om vern for oppfinninga di i Noreg leverer du inn ein søknad om patent til Patentstyret.Eit norsk patent gjeld berre for Noreg.Søknadssjema for PatentRettleiing til patentsøknaden (pdf-fil).
Les meir om patentering utanfor Noreg.
Kva bør du tenkje på før du leverer inn ein patentsøknad?
Kva skal patentsøknaden innehalde?
Søknaden skal innehalde ei forklaring av oppfinninga, inkludert teikningar når det er nødvendig. Forklaringa skal vere så tydeleg at ein fagperson skal kunne utøve oppfinninga på grunnlag av denne.
Vidare skal søknaden innehalde patentkrav. Patentkrav er ein bestemt angiving av kva som blir søkt verna ved patentet.
Søknaden skal også innehalde eit kort samandrag av forklaringa og patentkravet. Samandraget har ingen funksjon i forhold til eit eventuelt patentvern, men skal berre tene som teknisk informasjon.
Ein søknad kan også innehalde eit krav om prioritet. Det vil seie at i følgje internasjonale avtalar kan han som har søkt patent på ei oppfinning i eitt land, krevje såkalla prioritetsrett i andre land der same oppfinning blir søkt patentert. Retten gjeld i 12 månader frå den dagen søknaden blei leverte inn i det første landet - prioritetsdagen. Prioritetsretten inneber at søkjaren går føre andre som har søkt patent på den same oppfinninga etter prioritetsdagen. Den inneber også at spørsmålet om oppfinninga er ny og har oppfinningshøgde skal vurderast ut frå situasjonen på prioritetsdagen også i dei seinare søknadene.
Det kan ikkje søkjast patent på fleire forskjellige oppfinningar i same søknad.
Ein søknad kan ikkje endrast slik at det blir søkt patent på noko som ikkje framgjekk av søknaden då den blei innlevert.
Eksempel på ein patentsøknad (pdf-fil)
Kor mye kostar det å søkje patent i Noreg?
Når du leverer inn ein patentsøknad, skal du betale ei søknadsavgift som består av:a) grunnavgift: kr 1100b) granskingsavgift: kr 3100c) tilleggsavgift for kvart patentkrav utover ti: kr 200
I tilfelle der søkjaren er ein enkeltperson eller småbedrift, med 20 årsverk eller mindre, består søknadsavgifta av:a) grunnavgift: kr 800b) tilleggsavgift for kvart patentkrav utover ti: kr 200Du betaler ikkje granskingsavgift.
Før patentet endeleg kan godkjennast må du betale ei meddelelsesavgift på kr 1100 + eventuelle tillegg for kvar side over 14.
Du må også betale årsavgifter. Patentvernet stansar dersom årsavgiftene ikkje blir betalte. Årsavgifter startar på kr 550 pr år og aukar gradvis til kr 5900 i det 20. året.Les meir om avgiftene.
Kva skjer med søknaden din?
Når du har levert inn søknaden din, skal den igjennom ein rekkje prosedyrar.Les meir om søknadsbehandlingen.
Kor lenge varer patentvernet?
Eit patent kan bli oppretthaldt i inntil 20 år frå den dagen du leverer inn ein søknad.Du må betale ei årsavgift for kvart år. Dersom du ikkje betaler dei nødvendige avgiftene, mister du patentet. Les meir om avgiftene.For lækjemiddel og plantefarmasøytiske produkt kan det i visse tilfelle søkjast om inntil ytterlege fem års vern. SPC-søknadskjema.
Dersom nokon meiner at patentet blei gitt på feilaktig grunnlag, kan det kjennast ugyldig ved dom.
Etter at eit patent er stansa, har alle rett til å utnytte oppfinninga. I visse tilfelle kan likevel retten til andre til å utnytte patentet vere avgrensa på grunn av anna lovgiving. Det kan for eksempel stride mot god forretningsskikk etter marknadsføringslova, eller ha krav på opphavrettsleg vern.
Arbeidstakaroppfinningar
Dersom du har gjort ei oppfinning som har tilknyting til jobben din og er usikker på kva rettar du har til oppfinninga, kan du lese meir om arbeidstakaroppfinningar.
Har du spørsmål om patentvern?
Ta kontakt med Infosenteret på telefon 22 38 73 33,send ein e-post til , eller besøk oss i Københavngata 10, i Oslo (se kart).
Her finn du meir informasjon om kva vi kan hjelpe deg med.
Ofte stilte spørsmålSøknadsskjemaRegelverkKurs