Føremål
Patentstyret skal hjelpe norsk næringsliv å styrkje verksemda si gjennom kunnskap om industrielle rettar - slik at bedriftene vil sikre investeringane, konkurranseposisjonane sine og skape økonomisk vekst i det norske samfunnet.
Oppgåver
Hovudoppgåva til patentstyret er å behandle søknader om patent, varemerke- og designregistreringar. Vi arrangerer kurs og held foredrag om verdien av industrielle rettar. I tillegg utfører vi ulike typar forundersøkingar. Her skaffar vi kundar oversikt over stillinga til teknologien på oppgjevne område, gir førehandsvurderingar av idear til patent, varemerke og design, og overvaker bestemde aktivitetar eller aktørar på oppgjevne område. Kundegruppa omfattar norsk og utanlandsk næringsliv, forskingsinstitusjonar, oppfinnarar og frittståande idéskaparar. Vi har eit særskilt søkjelys på innanlandske kundar.
Organisasjon
Patentstyret er ein statleg etat under Nærings- og handelsdepartementet. Vi har ca. 270 tilsette innanfor fagområde som juss, teknikk, økonomi/administrasjon, informasjon og marknadsføring.
Ta kontakt med oss
Patentstyret sin toppleiing
Frå venstre: Toril Foss, Bjarne J. Kvam, Jørgen Smith (direktør), Tove Berg, Bernt Boldvik, Otto Scharff, Lisbeth Wolther