Patentstyret
Patentstyret
Varemerke
Eit varemerke representerer identiteten din i marknaden. Eit varemerke gir signal om ein viss kvalitet, livsstil eller omdømme og kan vere svært verdifullt i marknadsføring og profilering av produkta og tenestene dine.

På denne siden finner du:
  kva er eit varemerke
  kvifor registrere varemerket ditt
  kva kan få varemerkevern
  kvar og korleis søkje varemerkeregistrering
  kva bør du tenkje på
  kor mye kostar det å søkje registrering
  kva skjer med søknaden
  kor lenge varer ei registrering


Kva er eit varemerke?

Eit varemerke er eit særprega kjenneteikn for varene og eller/tenestene dine.

For å få registrert varemerket ditt må det oppfylle visse krav. Les meir 

 

Kvifor registrere varemerket ditt?

Ei varemerkeregistrering gir deg einerett til å bruke varemerket som kjenneteikn for varene og eller/tenestene dine. Det betyr at andre ikkje kan bruke eit varemerke som kan forvekslast med ditt for varer og/eller tenester av same eller liknande slag som ditt merke er registrert for.

Eineretten gjeld berre bruk i næringsverksemd, til dømes på sjølve vara, på innpakninga, i reklame, i forretningsdokument, i munnleg omtale eller på annan måte.

Eit varemerke er ofte eit resultat av ein omfattande innsats i form av tid og ressursar. Det er derfor viktig at du har sikra deg eineretten til varemerket ditt.

Ved å kunne dokumentere retten din, har du eit godt utgangspunkt for eksempel for å forhandle om finansiering av utviklingskostnader og for å inngå sals- og lisensavtalar med andre.

 

Kva kan få varemerkevern?

Eit varemerke kan bestå av alle slags teikn, og må kunne framstillast grafisk.
Eit varemerke kan blant anna bestå av ord og ordsamanhengar (for eksempel slagord), namn, logoar, figurar og avbildingar, bokstavar, tal, lyd, lukt og rørsle, eller kombinasjonar av dette.

 

Eksempel:  
Figurmerke, for eksempel dråpen i Statoil-logoen.
Ordmerke, for eksempel Freia og Bik Bok
Kombinerte merke som inneheld både ord- og figurelement, for eksempel Soloetiketten. 

Slagord, for eksempel "Putt en tiger på tanken"

Tredimensjonale merke (vareutstyr), det vil seie forma, utstyret og innpakninga til ei vare kan også registrerast dersom forma er tilstrekkeleg spesiell.
Farrisflasken er eit eksempel på ei slik registrering.

Tal og bokstavar, for eksempel 4711 og IBM

Varemerke kan registrerast berre om det er eigna til å skilje varene og eller/tenestene dine frå andre sine. Merke som berre melde vara sin art eller eigenskapar ved vara, kan ikkje registrerast som varemerke, for eksempel "grovbrød" for brød eller "bringebær" for syltetøy.

Andre viktige vilkår for registrering er for eksempel at merket ikkje må vere villeiande og at det heller ikkje kan forvekslast med andre sine namn, foretaksnamn eller varemerke.

 

Kvar og korleis skal du søkje varemerkeregistrering?

I Noreg:
For å søkje om varemerkeregistrering i Noreg leverer du inn ein søknad om registrering av varemerke til Patentstyret.
Ei slik registrering gjeld berre for Noreg.
Søknadsskjema for varemerkeregistrering.

I andre land:
Om du ønskjer å registrere varemerket ditt i andre land, må det søkjast i kvart land.
Om du skal registrere merket i mange land, kan det verta enklare og billigare å levera en internasjonal registreringssøknad. Då kan du bruke Madridprotokollen eller du kan søkje om registrering som EF-varemerke. Vi har samla informasjon om både på sida som heiter Varemerke utanfor Noreg

 

Kva bør du tenkje på før du leverer inn ein varemerkesøknad?

1. Det er ein god idé å sjekke om det finst like eller liknande varemerke før du bruker tid og pengar på utvikling og bruk, for eksempel ved å trykkje opp reklamemateriale, brevark eller liknande. Du kan ikkje registrere eit varemerke som andre allereie har registrert eller søkt registrert.
Patentstyret kan raskt og rimeleg gjøre forundersøkingar for deg og kan også vurdere resultata. Les meir om forundersøkelser.
Du bør også kontakte Føretaksregisteret i Brønnøysund for å sjekke om namnet kan vere tatt i bruk som foretaksnamn.

2. Ver sikker på at du fører opp alle dei varene eller tenestene du vil ha varemerket registrert for. Du kan ikkje føre opp fleire varer eller tenester etter at du har innlevert søknaden. Då må du i tilfelle levere inn ein ny søknad med ny avgift. Varer og tenester blir klassifiserte i følgje med ei internasjonal klassifiseringsordning for varer og tenester. Les meir om klassifisering.

3. Varemerket bør søkjast registrert slik det skal brukast. Etter at du har levert inn søknaden din kan det berre gjerast små endringar som ikkje påverkar varemerket sitt heilskapsinntrykk.

4. Ønskjer du profesjonell hjelp til utforming av søknaden din før den blir levert inn til Patentstyret, kan du sjå under Patentbyrå i Telefonkatalogen sine Gule sider.

5. Søkjarar som ikkje er busette i Noreg, må bruke norsk fullmektig. Det er ikkje noko formelt krav til fullmektigen anna enn at vedkomande må vera busett i Noreg, og viss fullmektigen er eit føretak, held til i Noreg.

 

 

Kor mye kostar det å søkje varemerkeregistrering i Noreg?

Når du leverer inn ein varemerkesøknad, skal du betale ei søknadsavgift på kr 2 300. Denne inkluderer registrering i inntil tre klasser.
Dersom du ønskjer å registrere varemerket ditt i fleire klasser kostar det kr 650 pr klasse.
Les meir om avgiftene.

 

Kva skjer med søknaden din?

Når du har levert inn søknaden din, skal den igjennom ei rekkje prosedyrar.
Les meir om søknadsbehandling.

 

Kor lenge varer varemerkeregistreringa?

Di varemerkeregistrering varer i ti år frå registreringsdagen. Du kan fornye registreringa kvart tiande år så mange gonger du vil.
Dersom nokon meiner eit varemerke er registrert på feilaktig grunnlag, kan registreringa kjennast ugyldig ved dom. I visse tilfelle kan ei registrering også opphevast av Patentstyret.

Ei registrering kan også slettast ved dom dersom merket ikkje har vore i bruk i ein samanhangande periode på fem år.

 

Har du spørsmål om vern av varemerke?

Ta kontakt med Infosenteret på telefon 22 38 73 33,
send ein e-post til This is a mailto link
eller  kom innom oss i Københavngt 10, i Oslo (sjå kart)

Her finn du meir informasjon om kva vi kan hjelpe deg med

Ofte stilte spørsmål
Søknadsskjema
Regelverk
Kurs

Sist endret: 03.09.2007


Utviklet i samarbeid med Gazette