1. Korleis søkjer eg varemerkevern?
Søknad om registrering av varemerke må leverast inn skriftleg til Patentstyret. Det beste er å fylle ut eit søknadsskjema elektronisk. Søknaden må innehalde ei gjengiving av merket som skal registrerast, og ei oversikt over kva for varer og/eller tenester merket skal registrerast for. Vel du elektronisk innlevering får du umiddelbart ei kvittering. Etter at søknaden er levert inn, sender vi deg ein faktura for søknadsavgifta.Søknadsskjemaer
2. Kan eg få patent på firmanamnet mitt?
Patent er eit ord som berre blir brukt om einerett til tekniske løysingar. Ei varemerkeregistrering kan gi deg einerett til føretaksnamnet (tidlegare: firmanamn). Namnet må vere særpreget og ikkje eigna seg til å bli forveksla med andre registrerte varemerke eller føretaksnamn. Les meir om varemerkeregistrering.
3. Kor lang tid tek det å behandle ein varemerkesøknad?
I serviceerklæringa til Patentstyret finn du informasjon om kor lang tid vi bruker på å avgjere ein varemerkesøknad. Behandlingstida avheng mellom anna av om det er feil eller manglar i søknaden din, og av kor raskt du svarar på breva våre.
Dersom det ikkje er hindringar, blir varemerket for tida registrert innan 3-6 månader frå innleveringa.
Det er viktig å merke seg at varemerket ditt er verna frå søknadsdatoen. Føresetnaden er at du registrerer merket seinare.
4. Kva kostar det?
Du må betale ei grunnavgift som dekkjer søknad om registrering av eitt merke i inntil tre klasser. Dersom du skal registrere merket ditt for varer som høyrer heime i fleire klassar, må du betale ei tilleggsavgift for kvar klasse. Dersom du vil registrere fleire merke, må du levere inn ein søknad for kvart merke.Sjå prisane.
5a. Kva tyder symbola TM og ®?
Desse symbola har opphav i varemerkelovgivinga i USA. Dei tyder høvesvis "Trade Mark" og "Registered". Dei har strengt teke ingen funksjon i norsk rett, men indikerer at innehavaren av varemerket meiner å ha einerett til ordet eller merket.
5b. Må eg bruke symbola TM og ® saman med varemerket mitt?
I Noreg er det inga plikt til å bruke desse symbola. Du kan bruke TM for å vise at du meiner at du har eit varemerke. Dersom du har registrert eit varemerke i Noreg eller eit anna land, kan du i utgangspunktet bruke ®. Ver merksam på at villeiande bruk av ® kan vere i strid med marknadsføringslova § 2 eller straffelova § 370. Det kan vere andre reglar for bruken av symbola i andre land, og det bør du vere merksam på før du til dømes tek til å eksportere eller marknadsføre varene dine i landet.
6. Gjeld den søknaden om varemerkevern som eg leverer inn i Noreg, i andre land òg?
Nei. Ein søknad om varemerkevern i Noreg gjeld berre her i landet. Men du kan søkje i fleire land ved å levere inn ein Madridsøknad.Les meir om Madridregistrering.
7. Kor lenge varer vernet?
Eit varemerke er gyldig i 10 år frå registreringsdatoen. Varemerket kan fornyast så mange gonger du vil. Kravet om fornying kan sendast inn inntil eitt år før utløpsdatoen og inntil eit halvt år etter utløpsdatoen.
8. Kan ein finne ut om namnet er i bruk frå før?
For å finne ut om eit merke eller eit namn er i bruk som varemerke, kan du søkje i databasen vår (lenke øvst til høgre) eller ringje Infosenteret vårt og få eit uforpliktande, munnleg svar. Dersom du ønskjer eit skriftleg svar eller meir utdjupande informasjon, kan du bestille ei forundersøking frå vår Oppdragsservice eller frå andre som tilbyr slike tenester.
Du kan òg bestille ei oversikt over liknande merke som kan forvekslast med merket ditt.
9. Kvifor må eg opplyse om kva for varer eller tjenester eg skal bruke varemerket for?
To varemerke kan forvekslast berre dersom dei gjeld for varer eller tenester av same eller liknande slag. For å kunne avgjere om to merke kan forvekslast, må vi difor sjå både på kor like sjølve merka er, og om varene eller tenestene er av same eller liknande slag.
10. Kan eg pantsetje varemerka mine?
Ja. Reglane om dette finn du i pantelova § 3-4 og 3-6. Varemerkerettar (og mange andre immaterielle rettar) er tilleggsutstyr til drifta. Tilleggsutstyr til drifta kan pantsetjast, og får rettsvern ved at pantet blir merkt av på bladet til eigaren i lausøyreregisteret.Les meir om lausøyreregisteret på nettstaden til Brønnøysundregistra.
11. Kan eg merkje av panterettar i varemerkeregisteret?
Nei. Rettsvern for pant i varemerke kan du få berre ved at pantet blir merkt av i lausøyreregisteret. Varemerkeregisteret har ingen funksjon for å registrere slike merknader i varemerkerettane.
12. Kven får rettane til varemerka dersom selskapet går konkurs?
Varemerkerettane er ein del av eigedelane til bedrifta. Dersom bedrifta går konkurs, blir varemerkerettane ein del av konkursbuet som aktiva som skal fordelast mellom kreditorane. Sjå òg punkt 10 om pantsetjing av varemerkerettar.
13. Kva er skilnaden på eit foretaksnamn (tidlegare: firma), eit varemerke og eit domenenamn?
Eit føretaksnamn er namnet på ei verksemd og kan registrerast som varemerke hos Patentstyret, (sjå spørsmål 2). Føretaksnamn bør likevel først og fremst registrerast i føretaksregisteret. Meir informasjon om registrering av føretaksnamn finn du i føretaksregistersida på nettstaden til Brønnøysundregistra.
Eit varemerke er eit kjenneteikn for varene eller tenestene til ein næringsdrivande og blir her registrert i Patentstyret.
Eit domenenamn er i utgangspunktet berre ei adresse på Internett, men bruken kan gje det ein kjenneteiknfunksjon ved at namnet blir kopla opp mot varer og tenester som blir tilbydde på nettet. Les meir om registrering av domenenamn under .no-domenet hos Norid.
Registrering/bruk av føretaksnamn gjer at ingen kan ta i bruk eller registrere eit identisk føretaksnamn. For at føretaksnamnet skal ha vern mot føretaksnamn eller varekjenneteikn som kan forvekslast, må føretaksnamnet oppfylle krav til særpreg i varemerkelova.
Registrering/innarbeiding av varemerke inneber at ein har ein nasjonal einerett til merket for dei varene og tenestene det er registrert og innarbeidd for.
Ei registrering av eit domenenamn inneber ein faktisk einerett til namnet brukt som adresse på Internett, men inneber ikkje at ein får einerett til bruk på andre måtar.