Patentstyret
Patentstyret
Fellesmerke

Er foreininga di interessert i å registrere eit fellesmerke?

Ei foreining med næringsdrivande kan få einerett for medlemene til å bruke eit varemerke eller eit anna kjenneteikn for varene eller tenestene sine. Slike foreiningar kan til dømes vere målarlaug, ei legeforeining eller eit lag for hesteoppdrett.

Statlege organ, stiftingar, selskap o.l. som fører kontroll med varer eller tenester, kan òg registrere fellesmerke.
Det gjeld jamvel organ som fastset normene for varer eller tenester.
Merket kan brukast på varene som norma eller kontrollen gjeld for. Det kan til dømes vere miljømerke, kontrollmerke osv.

Reglane som gjeld for registrering av varemerke, gjeld òg for registrering av fellesmerke, men med eitt unntak:
fellesmerkeregistreringa skal alltid ha med vedtektene for bruken av merket. 

Vedtektene bør vere kortfatta, og skal alltid ha med:

  • Kven som har rett til å bruke merket, og på kva vilkår,
  • kva urimeleg eller ureglementert bruk kan føre til for brukaren, til dømes dersom merket blir brukt av ein som ikkje har rett til å bruke det, eller det blir brukt feil,
  • rettar og plikter som merkeinnehavaren har overfor brukarane, slik som rett til kontroll, eventuelt ved bestemte kontrollorgan, til dømes om merkeinnehavaren skal ha rett til å kontrollere om varene til brukaren held kvalitetskrava,
  • skyldnaden merkeinnehavaren har til å gjere ansvar gjeldande mot den som bruker merket utan å følgje vedtektene for bruken av merket, og
  • skal merkeinnehavaren til dømes vere bunden til å gå til erstatningssøksmål mot dei som misbruker merket? 

Kva kostar det å søkje om fellesmerke? 

Grunnavgifta er 3700 kr. Det inkluderer éi vare- eller tenesteklasse, dvs. vern for ein type vare eller teneste.
Viss du vil søkje om vern av fellesmerke i fleire klasser, må du betale ei tilleggsavgift på 1500 kr pr. klasse.
Fleire opplysningar om avgifter.

For fleire detaljar om registrering og fordelar med fellesmerkevernet, sjå informasjonssidene om varemerke.
  
 

Sist endret: 03.09.2007


Utviklet i samarbeid med Gazette