Patentstyret
Patentstyret
Ansvarsmerke
Du som er produsent, importør eller forhandlar av varer av edle metall, bør vere klar over at viktige føresegner tok til å gjelde frå 1. juli 2005. Desse endringane finst i ei ny ansvarsmerkeforskrift.

Kva inneber endringane?

Endringane i ansvarsmerkeforskrifta inneber mellom anna at det ikkje lenger er eit evigvarande vern for ansvarsmerkeregistrering. Ei registrering gir no vern i ti år, og ho kan fornyast kvart tiande år mot ei avgift. Det kan gjerast så mange gonger som ein vil. Registreringar som stod ved lag då den nye forskrifta tok til å gjelde, treng først fornyast om ti år, det vil seie 1. juli 2015.

Det er innført ei karanteneordning for gamle registreringar som ikke gjeld lenger. Det er no ikkje mogleg å registrere eit ansvarsmerke dersom det same merket har vore registrert for ein annan innehavar, og denne registreringa gjekk ut for mindre enn fem år sidan. Dette er av omsyn til at forbrukarar ikkje skal bli villeidde når det gjeld kven som er produsent av ei aktuell vare med eit bestemt påstempla ansvarsmerke.

Den nye forskrifta inneheld mellom anna fristar som søkjaren må rette seg etter. Det er òg nye avgifter, for eksempel er søknadsavgifta no 1000 kroner. Meir informasjon ligg nedst på denne sida under "Avgifter".

Stempling av ansvarsmerke i EU/EØS-land kan innebere at importøren eller forhandlaren ikkje treng søkje om norsk ansvarsmerke. Denne endringa i regelverket er ein fordel for importørar og forhandlarar.

Ei gull-, sølv- eller platinavare som blir stempla med finleiksmerke, skal samtidig stemplast med eit ansvarsmerke. Dette ansvarsmerket fortel kven som har ført vara ut på marknaden (kven som er produsent eller importør). Dermed er det mogleg å identifisere den som har laga vara, for eksempel ein gullsmed.

Formålet med ansvarsmerke

Formålet med å bruke ansvarsmerke er at forbrukarane og styresmaktene skal kunne identifisere den som har ført den aktuelle vara av edelt metall til marknaden. Dersom du er i gull- og sølvsmedbransjen og vil selje eigenproduserte varer, har du plikt til å ha eit ansvarsmerke, slik at produsenten kan identifiserast. Ansvarsmerket skal vere eit hjelpemiddel til å halde ved like tilliten til varer av edle metall, og sikre at den verkelege finleiken til ei vare er i samsvar med finleiken som er stempla på henne.

Import av varer av edelt metall frå EU/EØS-land

Når det gjeld import av varer av edle metall frå EU/EØS-land, lovleg stempla i eit slikt land, treng du som er importør eller forhandlar av slike varer, etter 1. juli 2005 ikkje stemple desse varene med norsk ansvarsmerke. Det gjeld berre dersom det aktuelle merket som allereie er stempla på vara, ikkje kan forvekslast med eit norsk ansvarsmerke. Dette kan du sjekke med ansvarsmerkeregisteret hos Patentstyret. Produsenten av vara må òg kunne identifiserast, og du må kunne dokumentere at merket er ført på vara på lovleg måte. Før ei vare blir ført i handel, skal du som importør eller forhandlar av vara gi melding med dokumentasjon til Edelmetallkontrollen med opplysning om stemplinga.

Registrering av ansvarsmerke

Registrering av ansvarsmerke er pliktig mellom anna av omsyn til kontrollen. Slik registrering skjer hos Patentstyret. Det er ikkje noko sentralt register i EU/EØS, men nasjonale register i dei enkelte landa.
Søknadsskjema med rettleiing

Utfylling av søknaden

Søknaden skal innehalde namnet på søkjaren eller føretaket, og adressa. Han skal òg ha med ei avbilding av det søkte merket. Avbildinga bør ikkje vere større enn 8 x 8 cm. Ansvarsmerket kan sjølvsagt forminskast når det skal setjast på vara, men det må ha dei same proporsjonane som det registrerte merket.

Dersom søkjaren ikkje bur i Noreg, må han eller ho ha ein fullmektig som bur eller har fast forretningsadresse i Noreg. Dersom søkjaren har ein fullmektig, skal det òg sendast inn ei skriftleg fullmakt.

Klage på registrering av ansvarsmerke

Ønskjer nokon å klage på ei ansvarsmerkeregistrering, kan dei gjere det ved å krevje administrativ overprøving av ei bestemt registrering til Patentstyret. Denne nye klageordninga kan nyttast på registreringar som allereie gjeld per 1. juli 2005. Registreringar av ansvarsmerke blir kunngjorde i Norsk Varemerketidende på heimesida til Patentstyret.
 

Avgifter

Søknadsavgift: kr 1000,-
Oppattaking av ein søknad som er lagd bort: kr 500,-
Fornying av ansvarsmerke: kr 700,-
Respittavgift: kr 300,-
Behandling av klage til Andre avdeling i Patentstyret: kr 2500,-
Administrativ overprøving av registrering: kr 2500,-

pil Forskrift om registrering av ansvarsmerke (lenka går til Lovdata)
pil Søknadsskjema

Sist endret: 03.09.2007


Utviklet i samarbeid med Gazette