Råd fra politiet

Kva blir rekna som narkotika?

Med utgangspunkt i dei internasjonale konvensjonane er det Helse- og omsorgsdepartementet, gjennom Statens Legemiddelverk, som fastset kva som skal reknast som narkotika i Noreg. Med heimel i legemiddellova § 22 er det i narkotikaforskrifta av 30. juni 1978 jf narkotikalista, definert kva som skal kjenneteiknast som narkotika.

Dei ulike narkotiske stoffa blir vanlegvis delt inn i grupper ut frå kva verknad dei gir. Ein deler dei gjerne inn slik:

  • Sentraldempande stoff, som nedset aktiviteten i sentralnervesystemet: Dette er benzodiazepinar og barbituratar. Desse stoffa finn vi for eksempel i legemidla rohypnol, stesolid og valium. Dette er stoff som har stor lovleg utbreiing og bruk. (Alkohol er også eit sentraldempande stoff, men dette er ikkje sett på som eit narkotikum.)
  • Sentralstimulerande stoff, som aukar/stimulerer aktiviteten i sentralnervesystemet: Amfetamin, kokain og khat er dei mest kjende stoffa i denne gruppa. Stoffgruppa inneheld både lovlege legemiddel og illegale rusmiddel.
  • Cannabis: Stoffa i denne gruppa kjem frå planta cannabis sativa. Normalt finn ein dette stoffet som marihuana, hasjisj og cannabisolje. Denne stoffgruppa inneheld ingen lovlege rusmiddel.
  • Hallusinogene stoff: Omfattar både naturlege og syntetiske stoff. Dei mest kjende er meskalin, spiss fleinsopp, LSD, ecstasy og PCP
  • Opioidar: Dette er eit sentraldempande stoff som reduserer aktiviteten i sentralnervesystemet, men verkar også dempande på smerte. Stoffgruppa har sitt utspring i opiumsvalmuen. Morfin, kodein og heroin (halvsyntetisk) og metadon, petidin og fentanyl (syntetisk) er døme på stoff. Gruppa inneheld legale legemidlar og illegale rusmiddel.
  • Anna: GHB – middel brukt til bedøving, med ruseffekt

 

 

Gå til lokalinformasjon