Tjuveri
Mange trur ikkje det er naudsynt å sikre seg mot tjuveri og innbrot. Forklaringar som ”eg er jo forsikra”, ”eg berre leiger” eller ”eg har jo ingenting av verdi” er ikkje haldbare. Alle har noko som kan interessere ein tjuv.
Du kan ikkje forsikre deg mot stresset og usikkerheita eit innbrot eller tjuveri fører med seg. Heller ikkje mot at ukjende har vore i heimen din og etterlete seg glasskår og hærverk.
Dei fleste tjuvar er på jakt etter enkle jobbar og ombestemmer seg dersom sikringa er god. Her finn du gode råd om enkle sikringstiltak.