Råd fra politiet

Alle familiemedlemmer bør vite korleis bilen skal vernast mot innbrot og tjuveri. Mange bilar blir stolne fordi bilnøklane ikkje er fjerna. Førarkort, vognkort eller andre identifikasjonspapir som ein tjuv kan misbruke, bør aldri liggje i bilen. Nøklar bør du passe spesielt godt på. Finn tjuven husnøklane og di adresse i bilen, kan du risikere at bustaden er heimsøkt når du kjem heim.

Gjer det vanskeleg for tjuven

  • Parker på stader som er godt opplyste, opne og trafikerte framfor mørke og utilgjengelige.
  • Lukk alle vindauger og lås dørene.
  • Fjern verdisaker. Ikkje la stereoanlegg, CD-plater, solbriller, småpengar eller andre potensielle freistingar ligge synlege. Tjuven kjenner dei ”lure” plassane under dørmatta, i hanskerommet og under setet.
  • Dersom du har garasje, bruk den. Lås både bil og garasje.
  • Ver spesielt merksam på tyverifåren når du er på ferie.
  • Stereoanlegg bør ha sikringsutstyr som til dømes avtakbar front, kodekort eller sikkerheitskode. Har du slikt utstyr; bruk det.
  • Installer forsikringsgodkjend alarm, og bruk den.
  • Ved tjuveri og hærverk må du hugse å melde det til politiet og forsikringsselskapet.
  • Det er mindre sjanse for at bilen blir stolen dersom tjuven må betale for å få den ut av parkeringsplassen.
  • Bruk ekstra girlås, pedallås eller ekstra rattlås når du parkerer på stader der det kan vere ekstra stor risiko for tjuveri.
  • Synleg merking kan førebyggje tjuveri og bilslakt.
  • Spesielt eksklusive og tjuveriutsette bilar bør vere tilknytt eit elektronisk sporingssystem.

Med nokre enkle verkemiddel held du tjuven vekk

Tjuverisikringsprodukt, dyre eller billege, vil gjere at ein uprofesjonell biltjuv eller innbrotstjuv let bilen vere i fred. Faktorar som tid, støy og behov for kraftigare verktøy gjer at tjuven vurderer risikoen for å bli teken.

Personleg id-merking kan løne seg

Trass i utbreidd bruk av chassisnummer og andre identifikasjonsnummer på bilar og delar, er det ofte vanskeleg å fastslå eigarskap fordi profesjonelle tjuvar ofte fjernar eller endrar produsenten sitt identifikasjonsnummer. Du kan gravere eller etse chassisnummeret på ”lure” stader og på einskilde deler. Skriv også namnet ditt med ein tusjpenn under panseret eller bagasjelokket. Blir bilen din stolen, treng politiet spesifikke opplysningar for å kunne identifisere bilen, delar og ekstrautstyr. Ta deg tid til å registrere dette før skaden skjer. Dersom tjuven byter kjennemerke, endrar chassisnummeret eller omlakkerer bilen, finst det andre måtar å identifisere bilen på. Hamnar bilen på eit bilslakteri der delar blir demonterte frå eit stole køyrety, vil politiet ha betre sjanse til å finne delane frå din bil og arrestere tjuven.

Gå til lokalinformasjon