Råd fra politiet

Nokre praktiske tips

  • Forlat ikkje båten i eit mørkt og avsidesliggande hamneområde.
  • Lås båten fast til bryggja. Bruk syrefast hengjelås klasse 3 med kjetting av tilsvarande styrke og kvalitet, minimum 8 millimeter. To kjettingar er betre enn ein.
  • Festet i brygga må ha same styrke.
  • Små påhengsmotorar bør ein ta med heim.
  • Større påhengsmotorar bør låsast. Det finnast ei rekkje spesiallåsar til dette. Sjølve motorbraketten må låsast fast til akterstamnen.
  • Lås alle luker og dører.
  • Radio, mobiltelefon, GPS, kartplottar, kompass, kikkert og anna kostbart utstyr må ikkje liggje synleg. Det beste er å tømme båten for verdigjenstandar når den blir forlaten.
  • Merk båt og motor med godkjent merkesystem. Ta eventuelt kontakt med forsikringsselskapet ditt.
  • Fotografer båten. Dette kan vere til hjelp for politiet ved ei eventuell etterlysing.
  • Legg aldri nøklar på ein ”lur stad” om bord.

Ekstra sikring

  • Fjern ein vital del i motoren eller montér ein løynd hovudstraumbrytar slik at motoren ikkje kan startast.
  • Fjern bensintanken eller lås den forsvarleg inn.
  • Lås manøvreringseininga i båten.
  • Installer båtalarm.
  • Installer elektronisk sporingsutstyr.
  • Bruk eit avlåst hamneområde med godt lys og vakthald.

Di hjelp er viktig

Det viser seg ofte at båteigaren er den viktigaste ”brikka” i det førebyggjande arbeidet. Mange båthamner har eit organisert vakthald og satsar på innleigd hjelp. Andre vil helst at båteigarane sjølve går vakt. Kjem du over ein båt som du meiner kan vere stolen, meld ifrå til politiet.