Innhald
Uendra arbeidsløyse
I juli var det 94 000 arbeidslause, som svarer til 3,4 prosent av arbeidsstyrken.
| Juli 2014 | Endring frå førre ikkje-overlappande tremånadersperiode | |
|---|---|---|
| 13-månadersgjennomsnitt med namnet til midtarste månaden i perioden. | ||
| Arbeidslause personar | 94 000 | 2 000 |
| I prosent av arbeidsstyrken | 3,4 | 0,0 |
| Sysselsette personar | 2 644 000 | 13 000 |
| I prosent av befolkninga | 68,7 | 0,1 |








Ifølge arbeidskraftundersøkinga (AKU) var den sesongjusterte arbeidsløysa 3,4 prosent av arbeidsstyrken i juli (gjennomsnitt av juni-august). Dette var uendra frå april (gjennomsnitt av mars-mai). Det sesongjusterte talet på arbeidslause gjekk opp med 2 000 i løpet av denne perioden, men det er innanfor feilmarginen . Til samanlikning gjekk talet på registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar hos NAV ned med 1 000 i den same perioden. Også dette talet er sesongjustert og eit gjennomsnitt av tre månader.
Stabil sysselsetting
Ifølge AKU var det 13 000 fleire sysselsette i juli enn i april, justert for sesongvariasjonar. Endringa er isolert sett innanfor feilmarginen, men likevel i tråd med utviklinga det siste året. Frå juli 2013 til juli 2014 har det sesongjusterte talet på sysselsette auka med 32 000. Denne auken kom blant dei over 24 år. I juli 2014 utgjorde dei sysselsette 68,7 prosent av befolkninga i aldersgruppa 15-74 år, opp 0,1 prosentpoeng frå april same år og ned 0,1 prosentpoeng frå juli året før.
Arbeidsløysa ned i Sverige
I Sverige gjekk den sesongjusterte arbeidsløysa ned frå 8,1 prosent i april til 7,8 prosent i juli. I same perioden gjekk arbeidsløysa i Danmark opp med 0,2 prosentpoeng, til 6,6 prosent. EU15 hadde ei arbeidsløyse på 10,5 prosent i juli, ned frå 10,6 prosent i april. Også i USA gjekk arbeidsløysa ned med 0,1 prosentpoeng, til 6,2 prosent i juli.
Tilleggsinformasjon
Nokre av tala frå Arbeidskraftundersøkinga er tilgjengelege som opne data med API.
For å redusere den statistiske uvissa er dei publiserte AKU-tala tremånaders glidande gjennomsnitt av sesongjusterte tal. Føremålet med sesongjustering er å beskrive utviklinga gjennom året utan sesongsvingingar.
Kontakt
-
Jørn Ivar Hamre
E-post: jorn.ivar.hamre@ssb.no
tlf.: 21 09 49 29
-
Erik Herstad Horgen
E-post: erik.horgen@ssb.no
tlf.: 21 09 47 82
