140215
statistikk
2014-05-08T10:00:00.000Z
Arbeid og lønn
no
arbkonfl, Arbeidskonfliktar, streik, lockout, tapte arbeidsdagarArbeidskonflikter, Arbeid og lønn
true

Arbeidskonfliktar, 2013

Innhald

Få konfliktar – men mange tapte arbeidsdagar

I 2013 vart det registrert seks arbeidskonfliktar med tap av om lag 11 000 arbeidsdagar. Til samanlikning gjekk berre 500 arbeidsdagar tapt ved det førre mellomoppgjeret i 2011.

Talet på arbeidskonfliktar, arbeidstakarar og tapte arbeidsdagar
2010 2011 2012 2013
Arbeidskonfliktar 12 2 11 6
Arbeidstakarar i arbeidskonflikt 66 938 114 41 820 1 385
Tapte arbeidsdagar 500 009 526 360 643 10 849

Ved dei seks registrerte arbeidskonfliktane i 2013 var til saman 1 385 arbeidstakarar involverte. Flest tapte arbeidsdagar var det i kraftforsyning der om lag 6 000 arbeidsdagar forsvann i konflikt. I samferdsle var om lag 400 personar involverte, noko som ga eit tap på vel 4 100 arbeidsdagar.

I år med mellomoppgjer, slik som i 2013, er det som regel færre arbeidskonfliktar enn i år med hovudoppgjer. Hovudoppgjer er det annakvart år, noko som for dei fleste tariffområda vil seie at det blir inngått toårige tariffavtalar. I år med mellomoppgjer skjer det ein revisjon av dei avtalane som er inngåtte i hovudoppgjeret. Dette forklarer ein del av variasjonane i tala frå eitt år til det neste.