Innhald
Fleire deltakarar på kortkurs
Etter ein mellombels nedgang i deltakarar på kortkurs viser tala frå 2009 at aktiviteten er tilbake på det same nivået som i 2006. I 2009 tok 19 600 deltakarar ulike kortkurs ved folkehøgskolane. Dette er ein oppgang på om lag 3 100 deltakarar, eller 19 prosent, frå året før.
For fleire aldersgrupper er auken i talet på deltakarar nesten dobla sidan i fjor, medan den største aldersgruppa, 50 år og eldre, har hatt ein liten nedgang. Kvinnelege deltakarar var i fleirtal, og menn utgjorde 37 prosent. I 2009 var det fagområdet estetiske fag og handverksfag som var mest populært. Dei tre områda humanistiske fag, trus- og livssynsfag; samfunnsfag og helse-, sosial- og idrettsfag hadde om lag 3 000 deltakarar kvar. Ser ein på skulefylke, var det Nordland som hadde flest deltakarar, medan Oslo hadde færrast.
Tabeller:
- Tabell 1 Deltakarar i folkehøgskolar, kortkurs, etter alder og kjønn. 2001-2009. Etter bustadsfylke 2009
- Tabell 2 Utanlandske deltakarar i folkehøgskolar, kortkurs, etter statsborgarskap og kjønn. 2009
- Tabell 3 Deltakarar i folkehøgskolar, etter kjønn, alder og hovudemne. 2009
- Tabell 4 Deltakarar i folkehøgskolar, kortkurs, etter hovudemne og skolefylke. 2009
- Tabell 5 Tal årselevar, etter kjønn 2002-2009 og skolefylke 2009
- Tabell 6 Tal årselevar, etter kjønn og hovudemne.2009
Kontakt
-
Rita Aanerud
E-post: rita.aanerud@ssb.no
tlf.: 62 88 53 15
-
Kåre Nygård
E-post: kare.nygard@ssb.no
tlf.: 62 88 51 52
