Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut    Meld feil Meld feil   
  

Høyringar

Når fagkomiteane handsamar ei sak, kan dei ynskja å henta inn informasjon gjennom ei høyring. Ei høyring er eit møte der inviterte organisasjonar legg fram sitt syn og svarer på spørsmål frå komiteen.

Komitéhøyring.
Komitéhøyring.

Kven

Komiteen står heilt fritt til å velja kven som skal høyrast. Det er ingen som har krav på å få vera med på ei høyring. Komiteen føreset at regjeringa har høyrt alle partane saka vedkjem, før ho vert lagd fram for Stortinget. Høyringa kjem i tillegg til den andre informasjonen komiteen har. Det kan difor henda at komiteen vel å berre høyra éin organisasjon eller éi side av saka.
 
Som regel inviterer komiteen alle dei relevante organisasjonane som har bede om høyring. Organisasjonen bør vera landsfemnande. Komiteen set ofte pris på at organisasjonar med same syn samordnar seg og møter samla. 
 

Korleis be om høyring?

Når komiteane set seg føre å halda høyring i ei sak, set dei ofte ein frist for interesserte til å melda ynske om å få vera med. Organisasjonane må senda ein førespurnad der dei fortel kort kvifor dei bør vera med på høyringa. Komiteen går så gjennom førespurnadene på eit møte, og plukkar ut dei organisasjonane som skal inviterast.
 
For å orientera seg om kva høyringar som er aktuelle, bør ein fylgja med på sidene til komiteane.

 

Kva skjer under ei høyring?

Høyringane er målretta informasjonsinnhenting og ikkje noko debattforum. Dei vert leidde av komitéleiaren, som passar på at tidsramma vert halden, og forhindrar at det utviklar seg debatt mellom komitémedlemene eller mellom komiteen og organisasjonen. Publikum har ikkje høve til å ta ordet.
 
Organisasjonane får ordet til eit kort innlegg for å gjera greie for sitt syn. Det er opp til komiteen å avgjera kor lang tid kvar organisasjon får, men vanlegvis er det snakk om ti minutt. Ein bør med andre ord ha førebudd seg godt med ein klar disposisjon. Komitémedlemene stiller så spørsmål etter tur. Saksordføraren får som regel stilla spørsmål fyrst. Det er viktig at ein har sett av tid til å svara på spørsmåla innan tidsramma.
 
Komiteen set vanlegvis pris på å få overlevert ei kort skriftleg oppsummering av synspunkta til organisasjonen. Det vert vanlegvis ikkje skrive referat frå ordinære høyringar. Høyringar som har vore overførte på nett-TV, kan ein finna att i videoarkivet. 
 

Påverknadskanal

Ved sida av å vera ein reiskap for informasjonsinnhenting for komiteen, er høyringane ein viktig sjanse for interesseorganisasjonar til å prøva å påverka dei avgjerdene politikarane skal ta.  

 

Kontrollhøyringar

I nokre tilfelle der ein ynskjer å avdekkja kva som har hendt i ei viss sak (ofte: «Kvifor gjekk noko gale?»), kan komiteane halda ei kontrollhøyring. Les meir om denne spesielle typen høyringar under kontrollverksemda.

 

Høyringar samstundes med stortingsmøte

Høyringar kan haldast samstundes med stortingsmøte. Kontrollhøyringar, derimot, kan ikkje haldast når det er møte i Stortinget, bortsett frå under den ordinære spørjetimen.


Sist oppdatert: 24.01.2014 15:46 


Sjå også

Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget