Dokumentserien er ei samling med ulike publikasjonar med opphav i Stortinget eller organ knytte til Stortinget. Dokumenta vert handsama på same måte som saker frå regjeringa, med unnatak av skriftlege spørsmål.
(05.02.2014)
Stortingsrepresentantane kan på eige initiativ ta opp saker i Stortinget – representantframlegg.
(05.02.2014)
Når ein komité har sluttført arbeidet sitt med ei sak, kjem komiteen med ei innstilling. Innstillinga vert deretter handsama i Stortinget. Gjennom innstillinga markerer partia dei politiske standpunkta sine, og fremjar framlegg til vedtak.
(05.02.2014)
Det vert skrive referat frå alle møte i Stortinget. Det vert òg skrive referat frå møte i Europautvalet, kontrollhøyringar og visse andre komitéhøyringar.
(06.02.2014)
Bakgrunnen for ei lovsak er vanlegvis ein proposisjon til Stortinget frå regjeringa, men òg representantane i Stortinget kan fremja lovframlegg.
(06.02.2014)
Regjeringa sender over framlegga sine til Stortinget i form av proposisjonar og meldingar. Publikasjonane er laga av departementa og proposisjonane er utforma som tilrådingar om kva avgjerder Stortinget bør ta. Meldingane og proposisjonane vert fyrst lagde fram i statsråd og deretter sende til Stortinget.
(07.02.2014)
Alle de offisielle publikasjonene fra regjeringen og Stortinget samles i Stortingsforhandlinger. Stortingsforhandlinger dokumenterer Stortingets konstitusjonelle virksomhet.
(01.10.2009)