Støttemeny
Hovudmeny
Søk
Lokalmeny
Hovudinnhald
Botntekst
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd-tasten på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller – for å forminske.
Skriv ut sida Skriv ut    Meld feil Meld feil   
  

Spørsmål og spørjetimen

Spørsmål er ein sentral del av kontrollverksemda til Stortinget, og bidreg dessutan til at Stortinget er ein viktig arena for politisk debatt. 

Statsminister Erna Solberg under munnleg spørjetime i Stortinget, journalistar i bakgrunnen.
Statsminister Erna Solberg under munnleg spørjetime i Stortinget, journalistar i bakgrunnen.

Spørsmål er på mange måtar eit verkemiddel for opposisjonen. Funksjonen til spørsmåla er å få informasjon frå regjeringa og klarleggja kva haldning regjeringa har til politiske problemstillingar. Spørsmål gjev ikkje grunnlag for vedtak, men er eit viktig bidrag til å setja saker på dagsordenen.
 
Det finst ulike former for spørsmål. Dei tre hovudtypane er:

  1. spørjetimespørsmål
  2. skriftlege spørsmål
  3. interpellasjonar

Reglementet for spørsmål er nedteikna i Stortingets forretningsorden, kapittel ti.
 

1. Spørjetimespørsmål

I spørjetimen kan stortingsrepresentantane ta opp konkrete saker, høyra kva statsråden meiner om saka, og finna ut om departementet har tenkt å gjera noko med saka. Spørjetimen er prega av korte replikkvekslingar, og er ikkje ein debatt i vanleg forstand. Det er to typar spørjetime:

  • munnleg spørjetime 
  • ordinær spørjetime

I den munnlege spørjetimen tek representantane opp dagsaktuelle saker, gjerne henta frå media. Statsråden veit ikkje kva for spørsmål som kjem til å verta stilte, og er slik sett uførebudd. Statsråden har heller ikkje områdingstid, men må svara spontant. Regjeringa vel sjølv kva statsrådar ho ynskjer å senda til munnleg spørjetime. Statsministeren kjem om lag ein gong i månaden. Han eller ho stiller då åleine.
 
Statsministerens kontor informerer Stortinget innan måndag kl. 11.00 om kven som kjem. Den munnlege spørjetimen vert normalt halden kvar onsdag kl. 10.00 og tek rundt ein time. Mange oppfattar munnleg spørjetime som den mest publikumsvenlege debatten i Stortinget.
 
Også i den ordinære spørjetimen stiller representantane dagsaktuelle spørsmål, gjerne knytte til fylket dei er valde frå. Den ordinære spørjetimen skil seg frå den munnlege ved at statsråden får tilsendt spørsmåla på førehand. Statsråden har difor høve til å førebu svaret.
 
Den ordinære spørjetimen vert òg normalt halden kvar onsdag, etter den munnlege spørjetimen. Kva statsrådar som møter, kjem an på kva spørsmål som vert stilte. Det er den statsråden som har fagansvar for saka, som skal svara på spørsmålet.
 

2. Skriftlege spørsmål

Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform. Skriftlege spørsmål vert ikkje debatterte i Stortinget. Statsråden som spørsmålet er retta til, skal gjeva eit skriftleg svar innan seks verkedagar til stortingsrepresentanten som har stilt spørsmålet. Skriftlege spørsmål bør ikkje overstiga éi A4-side, medan svaret ikkje bør overstiga to A4-sider. Bruken av skriftlege spørsmål har auka jamt sidan spørsmålstypen vart innført i sesjonen 1996/1997.
 

3. Interpellasjonar

Ein interpellasjon er eit meir omfattande spørsmål til regjeringa, og det vert debattert i Stortinget. Den som stiller spørsmålet, vert kalla interpellant. Spørsmålet skal svarast på så raskt som mogleg, seinast éin månad etter at det er stilt. Svaret vert lagt fram for Stortinget under ein såkalla interpellasjonsdebatt. Ein slik debatt skal ta maks éin time og tretti minutt.

 

Den fyrste interpellasjonen vart halden i Stortinget 14. mars 1885. H. E. Berner sette då fram «Forslag til Forespørgsel» for justisminiseren om planane for ei fødestifting ved Rikshospitalet. Interpellasjonsretten – høvet til å stilla spørsmål til statsrådar som ikkje stod oppførte på dagsordenen – vart ikkje nedteikna før i 1908, men han vart nærast sedd på som ei sjølvsagd fylgje av at statsrådane i 1884 fekk delta i stortingsforhandlingane. Les meir om parlamentarismen i utvikling.
 

Statistikk


Talet på spørsmål det er svart på:

 

SesjonOrdinær spørjetimeMunnleg spørjetimeSkriftlege spørsmålinterpellasjonar
2012/13 170 126 1722 86
2011/12 201 125 2028 92
2010/11 298 139 1968 124
2009/10 325 122 1815 98
2008/09 221 134 1613 68
2007/08 317 127 1607 72
2006/07 229 124 1415 70
2005/06 257 103 1243 55
2004/05 277 115 991 36
2003/04 369 131 974 46
2002/03 430 170 782 22
2001/02 467 170 590 32

 


Sist oppdatert: 24.01.2014 14:53 


Sjå også

Stortinget
0026 Oslo
Sentralbord 23 31 30 50

Stortingets
informasjonsteneste
Telefon 23 31 33 33

 

Ansvarleg redaktør: Eli Pauline Fiskvik
Nettredaktør: Lars Henie Barstad
Om stortinget.no  Opne data på Stortinget