Den parlamentariske forsamlinga i NATO er ein viktig bindelekk mellom forsvarsalliansen NATO og parlamenta i medlemslanda. Gjennom arbeidet i NATOs parlamentarikarforsamling er dei folkevalde med på å utforma politikken til NATO, samstundes som dei òg er med og gjev NATO ei folkeleg forankring.
Føremålet med forsamlinga er å medverka til den demokratiske forankringa til NATO og samstundes vera aktivt med i utviklinga av alliansen.
Organisasjon
Medlemene møtest to gonger i året ved vårsesjonen og haustsesjonen. Forsamlinga vert sameint om tilrådingar som skal rettast til NATO-rådet og regjeringane og nasjonalforsamlingane i medlemslanda.
Gjennom arbeidet i NATOs parlamentarikarforsamling får medlemene innsikt i viktige spørsmål knytte til utviklinga av NATO og det transatlantiske samarbeidet det er bygt på. Denne kunnskapen kjem Stortinget til gode gjennom arbeid i komitear og ordskifte.
Arbeidet i forsamlinga går dels føre seg i generalforsamlinga og dels i Den permanente komité og i fem faste fagkomitear. Dessutan vert det på ad hoc-basis oppretta underkomitear for særskilde spørsmål og studiar. Desse møtest når det trengst gjennom året.
Stortingets delegasjon til NATOs parlamentarikarforsamling
Delegasjonen til NATOs parlamentarikarforsamling vert vald av Stortinget for fire år om gongen. Delegasjonen er sett saman av fem medlemer og fem varamedlemer som alle møter. Sesjonane for forsamlinga vert skipa til etter tur i medlemslanda, og Stortinget var vertskap i mai 2009.
På heimesida til NATO Parliamentary Assembly finn du meir informasjon om samarbeidet på engelsk og fransk.
Sist oppdatert: 17.12.2013 14:39