Står du fast når du søkjer på enkeltemne?
Vanlege problem når du søkjer på enkeltemne i Studentweb
Eg manglar PIN-kode
- Trykk på knappen 'Send PIN-kode med e-post', dersom vi har e-postadressa di. Dersom du ikkje finn e-posten, sjå i spam-filteret ditt.
- Eller skriv til Knutepunktet på studentinfo@admin.uio.no og oppgi heile namnet ditt, fødselsdato og eit emne du har teke ved UiO tidlegare, så hjelper vi deg vidare.
Eg får ein lang Java-feilmelding
Logg ut av Studentweb og logg inn på nytt.
Eg finn ikkje sida Meldingar til undervisning og eksamen
Du har truleg utdanningsplan, og vil ta andre andre emne enn dei som kan inngå i utdanningsplanen. Gå gjennom registreringssekvensen. Da finn du menyvalet Meldingar til undervisning og eksamen når du har kommet attende til startsida.
Det står at eg ikke har har aktiv studierett
- Du treng ikkje aktiv studierett for å søkje plass på enkeltemne i kultur-, språk- og samfunnsfag. Får du innvilga plass på eit emne, blir du enkeltemnestudent det semesteret.
- Skal du ta enkeltemne i informatikk og realfag på bachelornivå må du ha studieretten 'Realfag lågare grad'.
Eg får meldinga "I følgje databasen har du ikkje studierett til emnet"
Sjekk lista over emne som har ledige plassar. Ligg emnet på lista?
- Hvis nei, er ikkje emnet lagt ut for enkeltemnestudentar.
- Hvis ja, er du kan hende litt for tidleg ute. Har klokka blitt 9? Hvis ja, skriv til studentinfo@admin.uio.no og gje oss studentnummeret ditt, emnekoden på emnet det gjeld og tilbakemeldinga du får i Studentweb.
Eg får melding om at emnet ikkje har ledige plassar
Emna blir fylt opp fortløpande, og eit emne kan ha blitt fullt innen du søkjer plass i Studentweb, sjølv om du fann det på lista over emne som har ledige plassar. Dersom det blir frigjort plassar på emnet, kan det dukke opp på lista igjen. Lista blir oppdatert kvart 15. minutt.
Eg får melding om at eg manglar forkunnskapane til emnet
Les på emneomtala kva krava til forkunnskapar er.
Har du forkunnskapane? Kontakt infosenteret på fakultet som gir emnet.