print logo
English version of this page

Vil du ta enkeltemne?

Du kan ta enkeltemne sjølv om du ikkje er tatt opp til eit studieprogram, viss emnet har ledig plass.

Liste over emne med ledige plassar 

Du kan søkje på emne med ledige plassar frå tirsdag 18. august kl.9.

 

Steg 1: Søk om å bli kvalifisert før 1. august

  • Du må laste opp dokumentasjon i Søknadsweb på at du dekkjer opptakskrava.
  • Er du registrert med generell studiekompetanse (GSK) i Søknadsweb (sjå skjermdump), treng du ikkje laste opp dokumentasjon på GSK.

Frist for å laste opp dokumentasjon er 1. august.

Vi kan be deg leggje fram originaldokumentasjon. Om du ikkje viser fram originalane på førespurnad, får du avslag på søknaden.

Logg på Søknadsweb

Slik gjer du det i Søknadsweb

 

Steg 2: Søk på emne fra 18. august kl. 9

Liste over emne med ledige plassar

  • Frå 18. august kl. 9 kan du søkje på enkeltemne i Studentweb.
  • Først-til-mølla-prinsippet gjeld, og du får svar med ein gong.
  • Nokre emne har krav til forkunnskapar. Sjå om dette gjeld for emna du vil ta i emneomtalane.

Logg på Studentweb

Slik gjer du det i Studentweb

 

Steg 3: Registrer deg og betal semesteravgifta

  • Registrer deg og betal semesteravgifta. Betalingsopplysningane finn du i Studentweb.
  • Fristen er 1. september 2015.
  • Krav om kopiavgifta, kr 50, blir først synleg tidleg i september. Da får du e-post om at du må betale ho. For emne i realfag og informatikk betaler du kopiavgifta samtidig med semesteravgifta.

Logg på Studentweb

 

 

 

Publisert 8. des. 2014 10:14 - Sist endra 18. aug. 2015 12:38