Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden



 Kontakt
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11, 6101 Volda

  Postmottak@hivolda.no
  Til kontaktsider
Om Høgskulen / Helse, miljø og tryggleik / HMS-prisen ved HVO /

HMS-prisen

Statuttar for HMS-prisen ved Høgskulen i Volda
Fastsett av arbeidsmiljøutvalet 21. september 2004

 
1.  Prisen kan delast ut til ei avdeling, utdanning, institutt/seksjon, miljø, gruppe eller enkeltperson som: 
- arbeider aktivt med å fremje ein HMS-profil ved HVO
-
gjennom sitt arbeid har utvist særleg ansvar og bevisstheit om HMS, både gjennom fysiske HMS-tiltak  og/eller HMS-tiltak innanfor psykososialt arbeidsmiljø.

2.  Prisen skiljer ikkje mellom fysiske eller psykososiale HMS-tiltak.
Prisen blir delt ut etter ei individuell vurdering av kva dei foreslåtte kandidatane har utført av HMS-arbeid ved HVO, og der tiltak innanfor fysiske og psykososiale område i utgangspunktet stiller likt.

3.  Prisens storleik og bruksområde
HMS-prisen er på kr  4 000,-.  I tillegg består prisen av eit diplom som skal hengast opp på vinnarane/vinnaren sin arbeidsplass.

Prisen kan ikkje vere til personleg vinning for vinnarane/vinnaren.
Tiltaket eller formålet må vere relatert til noko som bidrar til HMS ved høgskulen.  Mottakarane/mottakaren av prisen bestemmer kva for HMS-tiltak eller formål ved Høgskulen i Volda prisen skal brukast til.

4.  Utdeling
Prisen blir vanlegvis delt ut kvart år i samband med HMS-dagen.

5.  Kven som kan foreslå kandidatar og korleis dette skjer. 
Alle tilsette kan fremje forslag til kandidatar til HMS-prisen.  Forslaga skal rettast til høgskuledirektøren og blir sendt til arbeidsmiljøutvalet v/leiaren.

Forslaga skal vere skriftlege, med beskriving av kva kandidatane/kandidaten har bidrege med innanfor HMS og kvifor  kandidatane/kandidaten bør få prisen.
Frist: Blir fastsett for kvart år, og er ca. 1 månad før HMS-dagen.

6.  Jury 
Juryen består av høgskuledirektøren, personalsjefen, hovudverneombodet og AMU-leiaren ved Høgskulen i Volda.  Juryen skal vurdere dei foreslåtte kandidatane utifrå kriteria ovanfor.

7.  Avgjerd om ikkje å dele ut HMS-prisen
Dersom det ikkje er kome inn forslag på kandidatar  som har gjort seg fortent til prisen, kan juryen bestemme at
HMS-prisen ikkje blir delt ut det året.
Statuttar HMS-prisen ved Høgskulen i Volda (pdf.dokument)



Skriv ut  Skriv ut


Søk etter tilsette
Søk etter studentar
Utvida søk

 Oppslagstavle
Forskingsfredag 9. november
05.11.2007

Seminarrekke om KULTURMØTE
7. og 16. november

31.10.2007

Historieseminar
11. - 13. november

31.10.2007

Kompetanseheving:
Naturfag med
mål og meining

31.10.2007

Lyst å besøke oss?
07.06.2007

Oppdatert av  Kristian Fuglseth 01.02.2005
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning