Skriv ut Sideoversikt |  


Søk etter studium
Studietilbod 07-08
Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden


Om Høgskulen / Samfunnsfag og historie / Historie / Mappeeksamen / Lokalstudentar /

Mappeeksamen for lokalstudentar

Historisk institutt har innført mappe- eller prosessevaluering som grunnlag for karakterfastsetjinga i alle emne frå studieåret 2002-03. Hensikten med innføring av mappeeksamen er å forbetre læringsprosessen for studentane. Alle kategoriar studentar (heiltids-, deltids- og fjernstudentar) følgjer opplegget.

 I botnen for opplegget ligg organiseringa av teoriemna i 10-11 faglege tyngdepunkt. Kvart emne har ein fast tyngdepunktplan som fordeler heile pensum på desse. Til kvart tyngdepunkt høyrer det to nettleksjonar à 6-10 sider, skrivne av faglærarar.

 Kvart semester blir det laga såkalla prosessoppgåver (som kan samanliknast med tradisjonelle eksamensoppgåver). Dei skal dekkje alle tyngdepunkta.

 

Arbeidskrav knytt til HI101 hausten 2007:

  1. Etter at tyngdepunkt 3 er lagt ut skal studentane formulere ei problemstilling, lage utkast til disposisjon og innleiing til ei gjeven oppgåve. Må gjennomførast med godkjent resultat for vidare deltaking på emnet.
  2. Vidareutvikle arbeidskrav 1 til ei prosessoppgåve med utgangspunkt i disposisjonen (arbeidskrav 1) i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 11 000 teikn utan mellomrom i Word.
  3. Skrive ei ny prosessoppgåve utifrå ei tildelt problemstilling.
  4. Skrive kommentarar (responsar) til prosessoppgåve (arbeidskrav 3) frå fire medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 2000–3000 teikn utan mellomrom i Word. Les meir om responsskriving her.
  5. Refleksjonsnotat som skal ha eit omfang av 2000–3000 teikn utan mellomrom i Word.
  6. For studentar som ikkje har hatt minst 80 % frammøte på forelesingar og seminar: ein 4 timars individuell skriftleg prøve på Classfronter, der pensum i heile emnet blir prøvd.

For gjennomføring av arbeidskrav 3 og 4 blir studentane delt inn i grupper på 4-6 studentar.

    Prosessoppgåva i arbeidskrav 3 skal bearbeidast til sluttoppgåve (eksamensoppgåve) etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal ha eit omfang av om lag 11 000 teikn utan mellomrom i Word.

     

    Arbeidskrav knytt til HI102 og HI103 studieåret 2007–2008:

    1. Etter at tyngdepunkt 3 er lagt ut skal studentane kommentere ei prosessoppgåve. Ein kommentar skal ha eit omfang av 2000–3000 teikn med mellomrom i Word. Må gjennomførast med godkjent resultat for vidare deltaking på emnet.
    2. Etter at tyngdepunkt 5 er lagt ut skal studenten skrive ei prosessoppgåve i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 11 000 teikn med mellomrom i Word.
    3. Skrive kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå fire medstudentar. Les meir om responsskriving her.
    4. Refleksjonsnotat som skal ha eit omfang av 2000–3000 teikn utan mellomrom i Word.

    For gjennomføring av arbeidskrav 2 og 3 blir studentane delt inn i grupper på 4–6 studentar.

    Prosessoppgåva skal bearbeidast til sluttoppgåve (eksamensoppgåve) etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Den skal ha eit omfang av om lag 11 000 teikn med mellomrom i Word.

    Karakter i emnet blir fastsett på grunnlag av:

    · sluttoppgåva og kommentarane til medstudentane (tilsvarar 60% av karaktergrunnlaget), og

    · ein 4 timars individuell skriftleg eksamen (40% av karaktergrunnlaget), der målet er å teste kunnskapen til kandidatane i heile emnepensumet.  

    Arbeidskrav knytt til fordjupingsemna HI201, HI202 og HI206:

    1. Skrive to prosessoppgåver i samsvar med nærare oppsette formkrav og framdriftsplan. Ei prosessoppgåve skal ha eit omfang av ca 11000 teikn utan mellomrom. 
    2. Skrive kortare kommentarar (responsar) til prosessoppgåver frå eit antal medstudentar. Ein kommentar skal ha eit omfang av 1000-3000 teikn utan mellomrom.

    Dei to rundene med prosessoppgåve- og kommentarskriving kjem etter at tyngdepunkt 5 og 10 er lagt ut.

    Ei av prosessoppgåvene skal bearbeidast til sluttoppgåve (eksamensoppgåve) etter kommentarar frå medstudentar og faglærar. Sluttoppgåva skal også ha eit omfang av om lag 11000 teikn utan mellomrom.

    Felles informasjon for alle emna på historie

    Detaljane i arbeidskrava (formelle krav til utforming m.m.) blir gjevne i eige skriv før kvart emne startar.

    Komplett arbeidsmappe må leverast til evaluering same semester som arbeidet er utført.

    Arbeidskrava blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent. Ein student som får ikkje godkjent på eitt eller fleire element i arbeidsmappa, får høve til å forbetre elementet til godkjent nivå same semester. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.



    Skriv ut  Skriv ut


    Søk etter tilsette
    Søk etter studentar
    Utvida søk
    Oppdatert av Grete Marry Brøste 27.06.2007
    Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning