Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Samfunnsfag og historie / Historie / Fjernstudent? /

Er du interessert i historie som fjern-/deltidsstudent?

Alle studietilboda ved Historisk institutt har rimeleg omfattande tilrettelegging for fjern- og/eller deltidsstudentar. Vi har i fleire år gjort forsøk med tilpassing for at studentar i desse kategoriane skal kunne nytte dei ordinære tilboda våre.

Instituttet har eigne fjernstudium. Dei er tilnærma like dei ordinære teoriemna (sjå oversyn under detaljert tilbod). Forskjellen ser du ved at emnekoden har ein N til slutt, t.d. HI101N, HI204N. Nettemna har òg eigne semesterplanar.

Viktige komponentar for fjern-/deltidsstudentar:

  • Du må sette deg inn i emnesamansetjinga og korleis instituttet har bygd opp strukturen. Merk spesielt at du må bestemme deg for om du vil ta eitt eller fleire emne same semester.
  • Du må sette deg inn i systemet for mappeevaluering.
  • Du må søkje (sjå nedafor) og så emneregistrere deg i Studentweb når du får tilsendt informasjon (inkl. pin-kode) i samband med semesterstart. Det er da særs viktig at du registrerer deg på N-varianten av emnet. Du får samtidig tilgang til det systemet høgskulen nyttar for elektronisk læring, Classfronter. Du bør snarast sette deg inn i korleis dette systemet fungerer ved hjelp av "Info og hjelp"-funksjonen.
  • Etter at du har registrert det eller dei historieemna du vil ta i Studentweb, får du tilgang til dei aktuelle "klasseromma" i Classfronter der Historisk institutt legg ut stoff, gjev meldingar osv. Desse vil vere hovudkommunikasjonskanalen mellom instituttet og alle studentar, ikkje berre dei som er fjern- eller nettstudentar.
  • Sjå nøye på semesterplanen for det/dei emnet/emna du vil ta når den/dei blir kunngjort, slik at du veit at du er i stand til å gjennomføre det/dei emna du vil ta. Det er relativt mange leveringsfristar i kvart emne.

Når du har sett deg inn i desse elementa, kan du evt. ta kontakt med studiekoordinator Grete Marry Brøste (gmb@hivolda.no tlf 70 07 51 76) eller instituttleiar Arnljot Løseth (Arnljot.Loseth@hivolda.no  tlf 70 07 51 21) viss det framleis er noko du er i tvil om.

Informasjon om korleis du søkjer: sjå menyen på framsida, øvst til venstre.

Når du evt. har fått tilbod om studieplassen og svart ja, er det særs viktig at du betalar semesteravgifta straks du får innbetalingsblanketten tilsendt og emneregistrerer deg i Studentweb (sjå over). Det er først når du har gjort dette at du får tilgang til informasjon i Classfronter. Særleg ved starten på haustsemesteret er det travelt, og viktig at du sjølv følgjer opp og tek kontakt tidlegast muleg.



Tips ein ven om denne sida:

Kommentar
Mottakaren sin e-post Din e-post



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Grete Marry Brøste 29.06.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning