Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Samfunnsfag og historie / Historie / Mappeeksamen / Responsarbeid /

Responsarbeid: Målsetjing, krav og kriteria

Føremål
Til grunn for arbeidet med mappevurdering ligg målsetjinga om ei positiv utvikling av studentane sine evner til systematisk og problemorientert skriving. Dette føreset at de veit noko om kriteria for kva som gjer ei oppgåve god. Arbeidet i gruppene skal fremje denne læringa.

Når de diskuterer kvarandre sine tekstar, får de øving i bruken av desse vurderingskriteria. De får innsikt i kvarandre sine tekstar, de får respons på eige arbeid, og de får trening i å samtale om tekstar. Erfaringane de får gjennom arbeidet i gruppene legg grunnlaget for eigenvurderinga de seinare skal gjere når dei beste arbeida skal veljast ut i innleveringsmappa.

Krav
Kvar student skal i kvar oppgåverunde gje kommentarar til prosessoppgåvene for fire andre studentar. Det blir gjeve ein frist for når dette kommentararbeidet skal vere utført i semesterplanen for kvart emne.

Om korleis du kommenterer reint teknisk
Kommentarane skal skrivast i eit vanleg Word-dokument. Før kommentararbeidet tek til blir det lagt ut ein mal og orientering  i Classfronter som skal nyttast.

Felles ramme for sluttkommentarar
Gode sluttkommentarar vil bli vektlagt i sluttevalueringa. Kva skal de gje kvarandre respons på, i tillegg til det reint realhistoriske innhaldet i teksten? Og kva er det som skil ei god oppgåve frå ei mindre god? For at de skal kome godt i gang med å kommentere kvarandre sine tekstar, har vi - på bakgrunn av diskusjon med studentar under innføringa i mappeevalueringsprosjektet - sett opp ei felles ramme som utgangspunkt. Desse kriteria er på ingen måte ”absolutte”. Kvar gruppe og kvar einskild student kan gjerne tilføye og stryke moment i eige responsarbeid. Måten dette vert gjennomført på, og innhaldet i kommentarane, vil ta form etterkvart som de ser kva som er mest tenleg for kvarandre.

Responsarbeidet skal vere konstruktivt. Dette inneber at kommentarane du gjev dine medstudentar skal vere ”oppbyggjande” og stimulerande, og bidra til at kvar og ein får tatt i bruk sine ressursar på ein best mogleg måte.

Kriteria:
1)Respons på:
- Fagleg innhald
- Formelle krav
- Språk og framstilling

2)Spørsmål du kan stille til teksten:
- Relevant problemformulering i høve til oppgåveteksten?
- Fornuftig avgrensing?
- Nødvendig definering føreteke?
- Relevant innhald i høve til problemstilling?
- Fornuftig disponering av stoffet?
- Er kjeldebruken god?
- Kva er styrken til utkastet?
- Kva kan betrast?



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Grete Marry Brøste 24.07.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning