|
 |
Kontakt |
 |
|
|
|
|
|
 |
Bli lærar? Høgskulen i Volda har innanfor lærarutdanning eit av dei største og breiaste fagtilboda i Noreg. Som student ved vår høgskule vil du derfor finne dei fleste fag som er aktuelle i grunn- og vidaregåande skule. Spesielt har høgskulen satsa på dei praktisk-estetiske faga musikk, drama, kunst og handverk, kroppsøving og friluftsliv.
Bli lektor? Med føresetnad om at krav om fordjuping er oppfylt, kan studentar byggje på til mastergrad i grunnskulens norskfag, grunnskulens matematikkfag, spesialpedagogikk og eventuelt andre skulerelevante fag. Du vil då vere ferdig utdanna lektor etter 5 år. Høgskulen i Volda tilbyr mastergradsutdanning i yrkesretta spesialpedagogikk. |
|
|
|
|
Allmennlærarutdanning - 4 år, 240 studiepoeng
Allmennlærarutdanninga er 4-årig og kvalifiserer primært for undervisning i grunnskulen, og førebur m.a. for klasselærarfunksjonar. Utdanninga gir også grunnlag for arbeid i andre skuleslag som til dømes folkehøgskule og vidaregåande skule, for pedagogiske og administrative oppgåver i skuleverket og for satsing andre stader i arbeidslivet. Utdanninga består av ein obligatorisk kjerne med pedagogikk, praksisopplæring og sentrale grunnskulefag, der fagstudium er kombinerte med fagdidaktikk.
Les om praksis. Læreplanar for grunnsk. og v.g.skule Opplæringslova Utdanning.no Skolenettet.no Utdanningsdirektoratet
|
|
Les meir i studiekatalogen. |
Studieleiar for allmennl.utd.: Johan Wangen, Tlf 70 07 5309 |
|
Praksiskonsulent for allmennl.utd.: Aashild Longvastøl. Tlf 70 050313 |
|
 |
AHL Aktuelt |
 |
|
|
|
 |
Oppslagstavle |
 |
|
|
|
|