|
Eit utval nedsett av UHR har fått i oppdrag å avgrense formidlingsomgrepet og utvikle indikatorar for formidlingsaktiviteten. Utvalet hadde frist til 1. juli 2005, og arbeidet skal danne grunnlag for ein formidlingskomponent i budsjettmodellen.
Den resultatbaserte delen av finansieringssystemet for universitet og høgskular er samansett av tre komponentar: undervisningsresultat (studiepoeng), forskingsresultat (m.a.vitskapleg publisering) og formidlingsresultat. Tidlegare i år vart det lagt fram ei innstilling om korleis vitskapleg publisering skal dokumenterast og gi utteljing, no er det formidling som står for tur. Utvalet har hatt ei stor utfordring i å finne målbare og relevante indikatorar for belønning av god formidling av FoU-arbeid. Formidlingsutvalet har valt å avgrense formidling til brukar- og allmennretta formidling. Forskarretta formidling fell såleis utanfor, då utvalet meiner denne typen formidling vert dekt av det som fell innanfor vitskapleg publisering. Utvalet foreslår fem indikatorar for formidling:
1. Omsetning: Sal av tenester og lokale publikasjonar. Ein økonomisk indikator (data vert henta frå rekneskapssystemet) som baserer seg på inntekter frå eksternfinansiert verksemd frå FoU-oppdrag, etter- og vidareutdanning, utgreiingsarbeid m.v. Utvalet tilrår at inntekter frå randsoneinstitusjonar (som t.d. Møreforsking) skal telje med. Sal av lokale publikasjonar med andre enn forskarar som målgruppe skal telje med, desse må nå ut til eit breitt publikum.
2. Formidling på nett. Gjeld institusjonen sine eigne nettsider. Avgrensa til populærvitskaplege presentasjonar av forskarane sine eigne FoU-arbeid (peikar til publikasjon skal leggast inn). Krav om nasjonale minstekrav til nettsidene og namngitt fagleg ansvarleg (redaktør) for desse.
3. Publikasjonar. Basert på autoritetsregister over publiseringskanalar (forlag, fagtidsskrift, aviser m.m. Minimum nasjonal forfattarkrets.) Indikatoren er delt i tre kategoriar: A. Bøker, læremiddel og faglege ressursar B. Artiklar i fagtidsskrift C. Aviskronikkar og innsiktsartiklar
4. Foredrag på brukarretta fagkonferanser. Basert på følgjande definfisjon: "Ein fagkonferanse er eit ope og offentleg annonsert forum for fagleg formidling og diskusjon der målgruppa er brukarar utanfor eige forskingsfelt og forskarar utgjer mindretalet blant deltakarane". Alle foredrag kan registrerast uavhengig av om dei munnar ut i ein publikasjon.
5. Direkte formidling til ålmenta. Indikatoren er avgrensa til to kanalar: A. Publikumsarrangement B. Bidrag i massemedia.
Vekting: Utvalet diskuterer om nokre bidrag skal ha større vekt enn andre, og foreslår at alle bidrag innanfor indikatorane 2, 4 og 5 skal telje likt. Innanfor indikator 3, Publisering, tilrår utvalet at bøker (ISBN-titlar) og læremiddel (digitale som trykte) skal vektast høgare, t.d. med faktor 8. Artiklar i fagtidsskrift bør få faktor 1 og aviskronikkar 0,5.
Les heile innstillinga her: http://www.uhr.no/utvalg/formidling/rapport/Innstilling3006.htm
Når og korleis denne modellen vil bli teken i bruk er det opp til departementet å avgjere. Formidlingsutvalet tilrår at ein brukar tid på å gjere simuleringsforsøk for å unngå uønskte konsekvensar. Fleire av utvalet sine tilrådingar har implikasjonar som gjer vidare utgreiing nødvendig - t.d. korleis inntekter frå randsoner skal telje med. Eit viktig spørsmål (som er diskutert i innstillinga) er også korleis kunstnarleg utviklingsarbeid kan inkluderast, dette er til no halde utanfor alle resultatbaserte komponentar i finansieringssystemet.
|