|
FORSKDOK er ei felles databaseteneste for forskingsdokumentasjon som kan nyttast av norske forskingsinstitusjonar. FORSKDOK er samansett av to databasar:
- FORSKPUB for sluttførte publikasjonar og andre resultat av FoU-arbeid
- FORSKPRO for pågåande og avslutta FoU-prosjekt eller -aktivitetar
Tilsette ved Høgskulen i Volda kan og bør registrere FoU-arbeid i Forskpub. HVO har tatt i bruk eit internt poengsystem knytta til denne databasen, slik at avdelingane får tilført midlar utifrå kva og kor mykje som er registrert i Forskpub. Så langt har Forskpro vorte lite nytta, men dei som ynskjer det, kan registrere prosjekt i denne basen.
Ny brukar? Ta kontakt med FoU-konsulent bentegl@hivolda.no for å bli registrert i brukarregisteret.
Kva kan registrerast? Forskdok har kategoriar både for skriftlege og munnlege (føredrag, intervju) FoU-arbeid. I tillegg finst ein open kategori for "anna FoU-arbeid".
Ny Forskdok-versjon i 2005 Den nye versjonen er under uttesting, og det er framleis uklart når i 2005 han kan takast i bruk.
Forskingsdokumentasjon
- Eit utval nedsett av UHR har utarbeidt system for rapportering av data for vitskapleg publisering.
Meir om dette her.
- HVO-registeringar i Forskdok 1999-2004 inneheld 66 ulike tidsskrifttitlar i kategoriane vitskaplege tidsskrift (omfattar artiklar både med og utan referee, i både nasjonale og internasjonale tidsskrift). Av desse står 45 titlar på lista over tidsskrift som er godkjende som vitskaplege og gjev utteljing i forskingskomponenten. I hovudkategori B (bøker utgitt på forlag) er det i same perioden registrert 22 ulike forlag. Av desse er 12 godkjende som vitskaplege publiseringskanalar.
|