 |
Kontakt |
 |
|
|
|
|
Nyheitssøk | Nytt på e-post | Presseklipp | Ut i verda?
| HMS-dag: Høgskulen tek opp omstilling | |
- Høgskulen har dette året vore gjennom ein omfattande omstillingsprosess. Dette vert temaet for eit dagsseminar torsdag 8. nov, der vi set Helse, miljø og tryggleik (HMS)på dagsorden, melder Rune Mo, hovudvernombod ved Høgskulen i Volda. Vi får besøk av mellom anna universitetslektor Gunhild Zeiner Ingstad frå NTNU, og ho skal halde innlegget "Kvifor er omstillingsprosessar så skumle?”
[ Les meir ] - 07.11.2007
|
|
|
| LMU og STiV inviterer til info-møte | |
Lurer du på hva det egentlig betyr å være tillitsvalgt? Vil du vite mer om hvilke muligheter og rettigheter du har, og hvordan du kan benytte deg av dem? Eller kanskje du har lyst til å møte andre tillitsvalgte på Høgskolen i Volda? [ Les meir ] - 06.11.2007
|
|
|
| Professor Hellesnes føreles om toleranse | |
Onsdag 7. november kl 18.15 held filosof Jon Hellesnes si siste førelesing som professor II ved Høgskulen i Volda. Førelesinga er eit ledd i seminarrekka knytt til Mastergradsstudiet i kulturmøte, og har tittelen ”Kulturmøte - og spørsmålet om toleranse i vår tid.” Førelesinga vert halden på Berte Kanutte-huset, rom 158, og er open for alle.
[ Les meir ] - 06.11.2007
|
|
|
| Ny bok om Matias Orheim | |
I desse dagar kjem Birger Løvlie ut med ei bok om salmediktaren, komponisten og romanforfattaren Matias Orheim (1884-1958) frå Stårheim i Nordfjord. I samband med bokutgjevinga vert det eit eige arrangement på Orheimstunet på Stårheim 10. november kl. 19. [ Les meir ] - 06.11.2007
|
|
|
| 60-årsjubilant avslutta FESTiVOLDA | |
Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda avslutta FESTiVOLDA-festivalen med Mozart sin symfoni nr. 31, "Pariser-symfonien” søndag, som ei markering av sitt 60 års-jubileum. - 60 år er eit fantastisk jubileum for eit orkester som har hatt lang og tru teneste, jublar Rune Bergmann. [ Les meir ] - 04.11.2007
|
|
|
| Seminaret "Biografien i nynorskverda" | |
Ivar Aasen-instituttet og Norsk Ordbok inviterer til seminaret "Biografien i nynorskverda" i Forskarnettverket i nynorsk skriftkultur onsdag 21. november kl. 10.00.
Møtet vert lagt til Stavanger i samband med MONS-møtet 22-24. november.
[ Les meir ] - 02.11.2007
|
|
|
| Forsking på ekte leik | |
- Ekte leik er barna sin måte å leve på, der dei sjølve avgjer kva dei skal leike, kvar, korleis og med kven denne leiken skal gå føre seg, seier Asbjørn Flemmen, som er ein av dei som har forska på korleis barn leiker i stimulerande rørslemiljø. Han har skrive eitt av kapitla i boka "Several Perspectives on Children’s Play". Seksten forskarar frå Vest- og Aust-Europa, Nord-Amerika og Asia skriv der om si forsking og sine perspektiv på leik.
[ Les meir ] - 01.11.2007
|
|
|
| Fagleg oppdatering i Naturfag: Naturfag med mål og meining | |
-I slutten av November er vi i gang, seier Erik Fooladi, fagleg ansvarleg for Naturfag med mål og meining. -Då samlast om lag 130 lærarar frå Sjustjerna (eit interkommunalt samarbeid mellom sju kommuner på søre Sunnmøre) seg i Loen til første samling. -Vi er glade for god respons frå Søre Sunnmøre, og ser no at også kommunane i Nordre Sunnmøre Kompetanseregion kjem for fullt. Vi gler oss til å møte lærarane og presentere spanande vekstader og fagleg påfyll. [ Les meir ] - 01.11.2007
|
|
|
| Valla tek del på ytringsfridomsseminar i Volda | |
Torsdag og fredag denne veka kjem mellom anna Gerd Liv Valla, sjefredaktør Anne Aasheim og Håvard Melnes til Høgskulen i Volda for å ta del i seminaret ”Ytringsfridom som alibi?” Politisk journalist i Klassekampen Alf Skjeseth vil ta føre seg ”Valla-saka” spesielt. [ Les meir ] - 31.10.2007
|
|
|
| 40 år sidan den sovjetiske invasjonen av Tsjekkoslovakia | |
Tidligare utanrikskorrespondent og utanriksmedarbeidar i Aftenposten, Per Egil Hegge held opne dobbeltførelesingar om norske utanriksjournalistikk og om den sovjetiske invasjonen i Tsjekkoslovakia i 1968 førstkomande onsdag ettermiddag, melder førstelektor Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag. [ Les meir ] - 30.10.2007
|
|
| //gml type kode
 |
Oppslagstavle |
 |
|
|
|
 |
Ledige stillingar |
 |
|
|
|
 |
Studentaktivitetar |
 |
|
|
|
 |
Studentmedia |
 |
|
|
|
|
|
 |