Kontakt

Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 00
Telefaks: 70 07 50 51
Besøksadresse:
Joplassvegen 11,
6101 Volda

Postmottak@hivolda.no
Til kontaktsider

 

 

Avdelingar ved Høgskulen i Volda

Lenkjer til avdelingssider:

Kort om avdelingane:

Avdeling for mediefag har fagleg ansvar for mediekunnskap, journalistikk, informasjon, dokumentarfilm og animasjon og har eit betydeleg fagmiljø innan feltet i Noreg. I tillegg til eit stort strategisk høgskuleprogram finansiert av forskingsrådet, har avdelinga stor ekstern finansiering av forskings- og utviklingsverksemd finansiert av m.a. Fritt ord, medieforskingsfondet og medieføretak. Produksjonar frå fagfolk og studentar har vunne mange internasjonale og nasjonale prisar innan dokumentarfilm, animasjon m.m. og fleire føretak er etablert med utgangspunkt i miljøet. Avdelinga har stor internasjonal aktivitet og samarbeid med fagmiljø i Japan, Kina, India og dei fleste europeiske land. Avdelinga har potensiale for stor auke i konferansar og kurs, med dei ringverknadene dette gir. Med tilstrekkelege ressursar har avdelinga potensial til vidare utvikling og samarbeid om nasjonal og internasjonal medieforsking og profesjonsretta medieundervisning.

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning har ansvar for lærarutdanningane (allmenn, førskule, ppu) og fagområda norsk, engelsk, pedagogikk, matematikk, naturfag, mat og helse og religionsfag. Avdelinga har ansvar for masterutdanning i spesialpedagogikk, delansvar for master i kulturmøte, og har bachelorgrad i språk og litteratur samt fleire års- og fordjupingsstudium. Avdelinga er den største i tal studentar og fagfolk og har stor aktivitet innan grunnutdanning, etterutdanning og vidareutdanning av lærarar for grunnskule og vidaregåande skule. Avdelinga har høg forskingsaktivitet og fleire store forskingsprosjekt finansiert av forskingsrådet spesielt knytt til utdanningsforsking. Høgskulen har etablert eit eige forskingsprogram innan fagdidaktikk med heile 7 stipendiatar.

Avdeling for samfunnsfag og historie har ansvar for utdanningar i sosialt arbeid, samfunnsplanlegging og leiing og historie. Avdelinga har eit sterkt fagmiljø med 10 professorar og to-tredelar av dei fagtilsette har minst førstekompetanse.Avdelinga har ansvar for masterutdanningar i sosialt arbeid, samfunnsplanlegging og leiing og delansvar for master i kulturmøte. Alle institutta ved avdelinga har stor forskings- og utviklingsverksemd, m.a. i samarbeid med Møreforsking Volda, og eit relativt omfattande internasjonalt utdanningssamarbeid. Fagpersonale arbeider med aktuelle tema knytt til planlegging, omstilling og utvikling i offentleg sektor, profesjonsutøving og kvalifisering og arbeid med regionale og næringshistoriske problemstillingar. Døme på aktuelle tema er profesjonsrekruttering, klimaplanlegging, kommunikativt folkehelsearbeid, rusproblem, sosialt arbeid, aktiv omsorg. Vestlandshistorie, fiskerihistorie. Avdelinga har eit strategisk høgskuleprogram i historie, vi har søkt om eit tilsvarande program i profesjonsforsking og avdelinga deltar i høgskulens stipendiatprogram for profesjonsforsking. Avdelinga har eit nært samarbeid med Senter for profesjonsstudier ved Høgskulen i Oslo, og dette samarbeidet har, samla sett, fagleg potensiale til å bli eit leiande kompetansemiljø i norsk og nordisk samanheng.

Avdeling for kulturfag organiserer det største fagmiljøet innafor kultur- og idrettsfag utanom storbyane i Noreg, med vekt på media og design, digital kompetanse i i læring, kunst og handverk, drama, musikk og kroppsøving/friluftsliv og med 5 bachelorprogram. Avdelinga samarbeider tett med Møre og Romsdal fylkeskommune om kulturformidling og kulturproduksjon gjennom Seanse, senter for kunstproduksjon. Med bakgrunn i samarbeidet mellom barnefagleg og kunstfagleg kompetanse får kunstnarar her utvikle produksjonar til Den kulturelle skulesekken. Avdelinga er med i eit eige internasjonalt utviklingsprogram innan kulturfag i samarbeid med universitet i Tyrkia, Storbritannia, Baltikum m.m. og har stor internasjonal utveksling av studentar.

Ivar Aasen instituttet har ansvar for master i nynorsk skriftkultur og forsking om nynorsk skriftkultur. Instituttet samarbeider tett med Senter for nynorskopplæring ved høgskulen. Dette nasjonale senteret under Utdanningsdirektoratet har snart 10 medarbeidarar.

Del

Høgskulen i Volda Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda | Telefon: 70 07 50 00 | Telefaks: 70 07 50 51 | Kontakt oss
Oppdatert av Eirik Torheim Gilje 2009-02-20 10:19:20 | Publisert med NetEd : Publish

 

 

Oppslagstavle

Lyst å besøke oss?
02.10.2008

 

 

Ledige stillingar

Sjå liste over utlyste stillingar
www.hivolda.no/stilling