Topp heading
     
Søk etter
hovedmenyhovedmenyhovedmenyhovedmenyhovedmenyhovedmenyhovedmenyhovedmenyhovedmenyhovedmeny
 
Profesjonshøgskolen / Fagområder / Sykepleie og helsefag / Tidsskrift for helseforskning / Utgivelser / Nr. 2 - 2007 / Leder / Skriv ut

Leder

Nordisk tidsskrift for
                         helseforskning

 

.

Vol 6, nr.  2 - 2007

Nytt samarbeid

Frå og med dette nummeret blir Nordisk tidsskrift for helseforskning eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskolen i Bodø, Institutt for sykepleie og helsefag, og Høgskolen i Tromsø, Avdeling for helsefag. Redaksjonen med Helga Finstad,  Solrun Holm og hovudredaktør Inger Lise Wang er blitt utvida med Anne-Grethe Talseth og Ingunn Elstad frå Tromsø. Ved Høgskolen i Tromsø er vi veldig glade for tilbodet om å bli med i tidsskriftet.

 

Utvidinga av redaksjonen heng saman med at det er ein gledeleg auke i talet på tilsendte manuskript, men også med eit ønske om samarbeid.  Når utdanningsinstitusjonane blir ført inn i konkurranse med kvarandre på stadig fleire område, er det faglege samarbeidet og det faglege fokuset kanskje viktigare enn nokon gong. Nordisk tidsskrift for helseforskning er under utvikling til eit helsefagleg forum i Skandinavia. Ved å gi godt rom for drøftingar og resonnement i bidraga, ønskar tidsskriftet å bidra til dei faglege diskusjonane som kan bli eit felles gode for utdanningane, praksisen, fagutviklinga og forskinga.

 

Reformane i helsefagutdanningane fører med seg aukt behov for vitskapleg publisering. Samtidig er det viktig å finne ein balanse og å tenke gjennom krava om vitskapleggjering av faga. Tidsskriftet har valt sin språklege profil som eit bidrag til at skandinavar også skal kunne bruke morsmålet i helsefagleg forskning. Sidan forskninga vender seg både til forskarfellesskapen og til det store utdannings- og praksisfeltet, har ho eit særleg ansvar for å ta i bruk både morsmåla og eit verdspråk. Det at at dansk, norsk eller svensk er valt som språk for tidskriftet, blir likevel også eit dilemma, sidan nordisk helseforskning og fagutvikling går føre seg på mange fleire morsmål i Norden. Redaksjonen har diskutert dette, og ønskar å invitere spesielt bidrag på finsk, færøysk, inuit, islandsk og samisk, med parallelltekst i dansk, norsk eller svensk omsetjing. Vi håpar at det kan bidra til at skandinavar får meir kjennskap til forsking og fagutvikling innanfor andre nordiske språk, og også til litt større språkleg rom. 

 

Nordisk tidskrift for helseforskning er fagleg uavhengig. Det blir drive til sjølvkost, og samarbeidet mellom høgskolane inneber ingen serskilte føringar og begrensingar. Vi som er nye i redaksjonen er glade for at vi får vere med på eit så spennande prosjekt, og ser fram til samarbeidet med redaktørar, bidragsytarar, referee-personar og lesarar.

 

 

 

 

Anne-Grethe Talseth                                                    Ingunn Elstad

fagredaktør                                                                    fagredaktør

 

Oppdatert av Solrun G. Holm 29.11.2007
Høgskolen i Bodø, 8049 BODØ - Tlf. 75 51 72 00 Faks 75 51 74 57
Org.nummer: 970 940 243, e-post: postmottak@hibo.no