Mål

SPS Strategiplan 2001 - 2005

Profesjonsstudier er eit satsingsområde ved HiO. SPS er eit verkemiddel i denne satsinga. Det overorda målet for SPS er å stimulere til forsking og medverke til kompetanseheving ved HiO. SPS skal på den eine sida leggje til rette for profesjonsstudier blant dei tilsette ved utdanningane, og må difor ha nær kontakt med FOU-aktiviteten ved utdanningane. På den andre sida skal SPS utviklast til å verte eit fagleg leiande forskingsmiljø for profesjonsstudier i Norden. Dette krev at SPS òg har nær kontakt med relevante norske og internasjonale forskings- og undervisningsmiljø. Miljø- og nettverksbygging vil difor stå sentralt i aktiviteten ved SPS.

Senter for profesjonsstudier har for perioden 2001-2005 som mål:

  • å utvikle seg til å bli eit forskings- og kompetansesenter på tvers av profesjonsutdanningar og forskingsmiljø.
  • å bli eit leiande forskingsmiljø for profesjonsstudier i Norden.
  • å skape eit miljø som er intellektuelt utfordrande og som det er moro å vere ein del av.