Forholdet til andre senter ved HiO

SPS Strategiplan 2001 - 2005

I tillegg til SPS har Høgskolen i Oslo to andre satsingsområder der det er etablert sentra: Senter for flerkulturelt og internasjonalt arbeid (SEFIA) og Pedagogisk utviklingssenter (PUS). Desse tre sentra har ulike oppgåver ved høgskolen, samstundes som dei òg har viktige tangeringspunkt. For å få mest mogleg ut av den samla satsinga vil det vere viktig med kontakt og samordning av aktivitet rundt desse tangeringspunkta. SPS ser det som viktig å utvikle samarbeid med t.d. PUS om granskingane av studentane sine erfaringar av lærings- og studiemiljøet, ved at data til dette vert samla inn gjennom StudData . Tilsvarande vil SPS i samarbeid med SEFIA stimulere til studiar, basert på StudData, som meir spesifikt tek opp erfaringane til studentar med ulik etnisk og kulturell bakgrunn.

Senter for profesjonsstudier vil for perioden 2001-2005:

  • medverke til å koordinere aktivitet mellom sentra
  • undersøkje om det er grunnlag for ulike typar samarbeidsprosjekt