Profesjonsstudier

SPS Strategiplan 2001 - 2005

Profesjonsstudier Høgskolen i Oslo utdannar til meir enn 20 ulike profesjonar og er det største miljøet for profesjonsutdanning i Noreg. Profesjonsstudier er definert som eit av satsingsområda ved HiO.

Kva er profesjonsstudier?

Termen "profesjonsstudier" er først og fremst uttrykk for ei tematisk avgrensing, der grensene til andre forskings- og studiefelt kan vere noko diffuse. "Profesjonsstudier" viser til t.d.:

  • studiar av rekruttering og kvalifisering til profesjonell yrkesutøving
  • studiar av kunnskaps- og teorigrunnlaget til profesjonane
  • studiar av forholdet mellom profesjonell kunnskap og andre kunnskapsbasar
  • studiar av historia til profesjonsutdanningane
  • studiar profesjons- og utdanningskulturar
  • studiar av etiske dilemma i profesjonell yrkesutøving
  • studiar av profesjonell autonomi og demokratisk kontroll
  • studiar av forholdet mellom den profesjonelle og "den andre"
  • studiar av samarbeid og strid mellom profesjonar
  • studiar av profesjonane sine yrkeskarrieremønster
  • studiar av tilliten til profesjonane og den samfunnsmessige rolle dei spelar.

Som det framgår vil grensene mot andre tematiske avgrensingar vere flytande t.d. ; mot skole- og utdanningsforsking, mot velferdsforsking, mot beslutningsstudier osv. Profesjonsstudier kan vere forankra i ulike disiplinar som t.d. sosiologi, pedagogikk, psykologi og statsvitskap, og det kan gjerast bruk av ulike teoretiske perspektiv.

Kvifor profesjonsstudier?

Det er fleire grunner til at profesjonsstudier er eit satsingsområde ved Høgskolen i Oslo:

1.      HiO gjev utdanning til mange profesjonar. Samanhengen mellom utdanning og yrkesutøving er kompleks. Det trengst studiar av kunnskapsgrunnlaget til profesjonane og korleis ein gjennom utdanning med sterk vekt på teori skal utdanne til praktisk yrkesutøving

2.      Yrkesutøvinga til profesjonane er viktig i livet til mange menneske, og måten yrkesutøvarane møter og taklar arbeidsoppgåvene på har store samfunnsmessige konsekvensar. Det trengst difor kunnskap om profesjonell yrkeutøving.

3.      Profesjonane er gjennom yrkesutøvinga med å set normer og standarder for kva som er normalt, sunt og godt på ulike område. Sidan desse normene ofte er basert på implisitte førestellingar er det viktig å løfte fram og drøfte normkollisjonar og etiske dilemma i yrkesutøvinga

4.      Profesjonane utfordrar vårt politiske styringssystem. At den konkrete iverksetjinga av velferdspolitikken er delegert til disse yrka impliserer at den demokratiske kontrollen med kva dei gjer er begrensa. Det er difor viktig å studere kunnskaps- og handlingsgrunnlaget til profesjonane.

5.      Det skjer store endringar i yrkesfeltet til profesjonane, med m.a. auka krav til effektivitet, kvalitetssikring og brukerstyring. Dette legg eit nytt press på profesjonane og det trengst studiar av vilkåra for profesjonell autonomi innan nye institusjonelle og samfunnsmessige rammevilkår.

Kjerneområdet

For SPS vil kjerneområdet innan profesjonsstudier vere studiar av yrkesutøving, med på den eine sida vekt på studiar av kunnskaps- og handlingsgrunnlaget, og på den andre sida studiar av korleis institusjonelle og samfunnsmessige rammevilkår legg føringar på yrkesutøvinga til profesjonane. Som del av ein stor utdanningsinstitusjon, vil i tillegg studiar av den rolle utdanninga spelar i profesjonskvalifiseringa stå sentralt i kjerneområdet profesjonstudier.

SPS vil både initiere eigen forsking og stimulere tilsette ved HiO til forsking på dette kjerneområdet. Senteret vil prioritere tiltak som kan medverke til kompetanseheving og til miljø- og nettverksbygging mellom utdanningar og mellom institusjonar.