Aktivitetar og tiltak

SPS Strategiplan 2001 - 2005

SPS vil gjennom eit sett av aktivitetar og tiltak bidra til forsking og refleksjon innan dei prioriterte områda. Valet av tiltak er styrt av to overordna omsyn: ønsket om medverke til kompetanseheving og å stimulere til komparative studiar.

Veiledningskompetanse er mangelvare ved mange av utdanningane ved HiO. SPS kan i utgangspunktet ikkje tilby individuell rettleiing, men vil snarare medverke til å utvikle veiledningsmiljø. SPS vil difor leggje vekt på å utvikle nettverk, arrangere kurs og seminarer, og gjennom dette medverke til å utvikle den kompetanse som finst ved profesjonsutdanningane.

Ved HiO er det mange profesjonsutdanningar. Felles for dei er profesjonsorienteringa. SPS ser det som viktig å stimulere til komparative studiar. Gjennom komparative studiar og arbeidsmåtar ønskjer SPS å medverke til betre innsikt i kva som er særeige ved den enkelte utdanning og profesjon, og kva som er felles og delt. Samstundes er det viktig å studere profesjonskvalifi-sering og yrkesutøving på tvers av institusjonar og landegrenser.

Kompetanseheving

Miljø- og nettverksbygging

Formidling

Organisasjon

Økonomi