Høgskolen i Oslo
Høgskolen i Oslo
Fronter Les e-post med Webmail Læringssenteret Personer HiO-veven

Profesjon

Studietilbud Enheter Kontakt English Utskrift

Velkommen til HiO / Enheter / Senter for profesjonsstudier (SPS) / Om SPS - Senter for profesjonsstudier / Strategiplan 2001 - 2005 / Aktivitetar og tiltak / Miljø- og nettverksbygging

Miljø- og nettverksbygging

Forskingskoordinering. Hovudaktiviteten ved SPS er å initiere og utvikle forskingsprosjekt innan våre prioriterte områder. Så langt det er fagleg og praktisk mogleg er det eit mål at dette skal skje i samarbeid med tilsette ved profesjonsutdanningane. Det er difor eit mål å kommunisere godt med dei som har ansvar for å initiere forsking og utviklingsarbeid i avdelingane.

Senter for profesjonsstudier vil for perioden 2001-2005: · ha minst eit fellesmøte kvart semester med FOU-leiarane/-koordinatorane ved avdelingane og dei andre senterleiarane ved HiO.

FOU-nettverk. SPS vil etablere FOU-nettverk med utgangspunkt i dei prioriterte områda ved senteret. Gjennom dette vil SPS koordinere fagleg aktivitet. Utgangspunktet for deltaking i nettverket er ei felles interesse for temaet. Målet med FOU-nettverk er tredelt. Det skal vere eit forum (a) for fagleg debatt, (b) for kollegial støtte og rettleiing, (c) for utvikling av nye forskings- og utviklingsprosjekt ved høgskolen. Graden av permanens må deltakarane sjølve ta stilling til. SPS sørgjer for at FOU-nettverket har ei fagleg kompetent leiing og stiller lokaler til disposisjon.

Senter for profesjonsstudier vil for perioden 2001-2005:

  • etablere FOU-nettverk med utgangspunkt i dei prioriterte områda ved senteret Gjesteprofessorat. For eit nytt og lite forskingssenter er det svært viktig å etablere kontakter med andre forskingsmiljø både her i landet og i utlandet. Å kunne tilby framifrå forskarar gjesteprofessorat vil stimulere fagmiljøet ved SPS og kunne representere eit fagleg spanande tilbod til høgskolen elles. Det vil òg kunne danne grunnlag for seinare prosjekt- og forskingssamarbeid med andre institusjonar.
  • arbeide for å få økonomisk grunnlag til eit gjesteprofessorat på inntil 6 månader per år.

Gjestearbeidsplassar. Senter for profesjonsstudier har med jamne mellomrom fått førespurnader om det er mogleg å få arbeidsplass ved senteret i avgrensa periodar. Det er tilsette ved profesjonsutdanningane ved HiO som ønskjer å skifte arbeids- og fagmiljø i eitt eller to semester samband med t.d. vikarstipend eller eksternt finansierte prosjekt. Det er òg forskarar ved andre institusjonar, som har finansiering, og som ønskjer å kjøpe kontorplass ved SPS i ein avgrensa periode.

Senter for profesjonsstudier vil i perioden 2001-2005 arbeide for:

  • at det kan etablerast 1-2 kontorplassar ved SPS som tilsette ved HiO kan søkje om å få bruke i inntil 12 månader.
  • å ha ein kontorplass som eksterne forskarar kan leige til "kostpris"

Internasjonalisering. Det er eit mål å byggje ut kontakten med forskarar og miljø som driv med profesjonsstudiar. Det eksisterer eit nordisk nettverk av profesjonssosiologar som tematisk har interesse for profesjonane i helse- og sosialsektoren. Vidare eksisterer det òg eit nettverk med forskarar som studerer høgre utdanning. Målet i første omgang er å utvikle eit nettverk som går utover og på tvers av etablerte nettverk.

Senter for profesjonsstudier vil i perioden 2001-2005:

  • medverke til å utvikle eit tverrfagleg nordisk profesjonsforskingsmiljø.
  • ta initiativet til å arrangere ein nordisk konferanse i profesjonsstudier.

 

Strategiplan

Aktiviteter og tiltak

Bakgrunn

Mål

Profesjonsstudier

Forsking

Forholdet til andre senter ved HiO