Høgskolen i Oslo
Høgskolen i Oslo
Fronter Les e-post med Webmail Læringssenteret Personer HiO-veven

Profesjon

Studietilbud Enheter Kontakt English Utskrift

Velkommen til HiO / Enheter / Senter for profesjonsstudier (SPS) / Om SPS - Senter for profesjonsstudier / Strategiplan 2001 - 2005 / Aktivitetar og tiltak / Økonomi

Økonomi

SPS har ei todelt finansiering; grunnfinansiering frå HiO og ekstern finansiering. Balansen mellom desse to kjeldene bør vere slik at det er tid og rom for fagleg fordjuping, rettleiing og kompetanseheving. Erfaring frå andre forskingssenter viser at det vert lite rom for slike aktivitetar om forskarane utelukkande lever på ekstern prosjektfinansiering.

Kjernegruppe. Utgangspunktet for framtidig finansiering må vere at profesjonsstudier er definert som eit satsingsområde ved HiO. Skal senteret kunne realisere dei mål som er skissert må det gradvis byggjast opp ei kjernegruppe med "fast tilsette". For det andre vil høg kompetanse innan dei prioriterte områda ved senteret vere nødvendig for å gje senteret kompetansemessig tyngde. Dette vil igjen vere viktig for å utvikle eit stimulerande fagmiljø for stipendiatar og andre tilsette ved høgskolen. Forskarane i denne gruppa bør ha eit innteningskrav, t.d. på 50 prosent. Det tyder at desse stillingane ikkje skal fullfinansierast frå HiO, men at det er eit institusjonelt ansvar å sikre finansieringa av desse stillingane.

Senter for profesjonsstudier vil i perioden 2001-2005:

  • arbeide for å skaffe økonomisk grunnlag til å byggje opp ei kjernegruppe "fast tilsette" på ca. 4-6 forskarårsverk.

Administrative ressursar. Ved utgangen av år 2000 er knapt 1,5 årsverk ved SPS fullfinansiert frå HiO. Det er stillinga som professor/leiar (100%) og to bistillingar (20%) som professor II. I tillegg er om lag 3 årsverk - 7 personar - finansiert med eksterne midlar - hovudsakleg forskingsmidlar frå Norges forskingsråd. Ut over FoU-direktør og fagleg leiar/professor har HiO i dag ikkje sett av administrative ressursar. Dette er lite tilfredsstillande. Skal SPS makte å både levere spanande og kvalitativ god forsking innan avtalte tidsfristar og medverke til kompetanseheving ved HiO er senteret avhengig av ein effektiv administrasjon.

Senter for profesjonsstudier vil i perioden 2001-2005:

  • arbeide for å få tilført administrative ressursar, tilsvarande minst ei halv stilling frå 2002 og ei stilling frå 2003.

Profesjonsetikk. Ved SPS skal temaet profesjonsetikk gå på tvers av studiar av profesjonskvalifisering og yrkesutøving. Det er difor viktig å styrkje senteret med profesjonsetisk kompetanse. Samstundes er dette eit tema som møter stor interesse frå utdanningane.

Senter for profesjonsstudier vil for perioden 2001-2005:

  • søkje eksterne ressursar for å utvikle i profesjonsetikk som temaområde
  • arbeide for å få oppretta ei toppstilling i profesjonsetikk ved HiO, knytt til SPS

 

Strategiplan

Aktiviteter og tiltak

Bakgrunn

Mål

Profesjonsstudier

Forsking

Forholdet til andre senter ved HiO