Velkomen til musikkseksjonen

Ein unik kombinasjon av praktisk musikkutøving, teoretisk utdanning og fagdidaktikk gir dyktige musikklærarar til grunnskulen og kulturskulen. Dette tilbodet er faktisk heilt eineståande i Noreg.

Den individuelle instrumentalopplæringa kostar pengar, men det er her vi har vår sterke side. Dette dreg studentane til Volda og musikkutdanninga.

Musikkseksjonen har eit stabilt og vel kvalifisert personale. Vi har dyktige fagfolk innan musikkteori, teknologi, direksjon, hovudinstrument og musikkdidaktikk. Den sist tilsette hos oss er den vidkjende komponisten Magnar Åm. Dei tilsette er og engasjerte i lokalmiljøet gjennom FoU-arbeida sine. Eit døme er musikalen ”Paradiset” som vart oppført i høve Volda kyrkje sitt 75-årsjubileum

Musikkseksjonen ved Avdeling for kulturfag kan tilby ei rekkje utdanningar:

                  Musikkaktivitetar              
                  Studieplanar
                  Faglærarar

Kontaktperson Henny Koppen, tlf. 70 07 5327