|
Musikk årsstudium 60 stp
Musikk 1 30 stp
Musikk 2 30 stp
Musikk fordjupningsstudium 60 stp
Gjennom fagstudia i musikk skal studenten tileigne seg haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikk som kvalifiserer for utøving av musikalsk og pedagogisk verksemd i grunnskule, vidaregåande skule og kulturskule.

Musikk 60 stp årsstudium
Kort om studiet: Studiet er sett saman av følgjande emne: - Emne 1: Inn i musikken 1 (haust) - Emne 2: Musikk i barneskulen (haust) - Emne 3: Inn i musikken 2 (vår) - Emne 4: Musikk i ungdomsskulen (vår)
Kva lærer du: Studiet skal gi studentane eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planlegge, organisere, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar og arbeidsmåtar i musikk for elevar i grunnskule og kulturskule.
Oppbygging og gjennomføring: Musikk årsstudium tilsvarar første år av bachelor i musikk
Vegen vidare jobb og studium: Studiet rettar seg inn mot arbeid med musikk i grunnskule, kulturskule og det frivillige musikkliv. Studiet gir grunnlag for vidare studium i musikk, og kan t.d. innpassast i bachelorstudiet i musikk ved HVO.
Musikk 60 stp fordjupingsstudium
Kort omtale av musikk fordjupingsstudium: Studentane arbeider vidare med å styrkje sin faglege kompetanse for å arbeide med musikk. Studiet skal gi fagleg grunnlag for eigenutvikling og for leiing av musikkaktivitetar i grunnskule og kulturliv.
Studiet er sett saman av følgjande emne på 200-nivå: Musikk i kulturskulen, Ensemble og komponering/arrangering, Musikkteknologi og Utøving og formidling. Musikk årsstudium og musikk fordjupingsstudium tilsvarar dei to første åra av bachelorgrad i musikk.
|