|
Lydstudio
HVO Brass Band Bandet byggjer på klassisk engelsk brassband-besetning og spelar musikk av kjente arrangørar som G. Richards, G. Langford og R. Steadman-Allen. Manglar du instrument, har høgskulen nokre til utlån (m. a. tuba og baryton). HVO Brass Band har i fleire år vore med i konkurransar på fylkesnivå og har vunne førsteprisen i 2. divisjon fleire år på rad. Bandet har eigne konsertar med solistar frå eigne rekkjer. HVO Brass Band samarbeider også med høgskulekoret og symfoniorkesteret.
Symfoniorkesteret Høgskulen i Volda er den einaste høgskulen av sitt slag som kan skilte med eige symfoniorkester. Orkesteret legg vekt på å ha eit allsidig og variert repertoar som omfattar symfonisk musikk, populærmusikk og kyrkjemusikalske verk. Det har blitt tradisjon at orkesteret kvart år har konsertar med profesjonelle solistar.
Høgskulekoret Høgskulekoret er ein del av musikkstudia ved HVO, men alle songglade studentar kan vere med. Koret har eit variert repertoar. Høgskulens kor har dei siste år framført verk som Requiem av Fauré, Juleoratoriet av Bach, Messias av Handel, Carmina Burana av Orff, Spelemann på taket og fleire musicalprogram. Høgskulekoret samarbeider med symfoniorkesteret og HVO Brass Band.
|