|
|
ITPA: Illinois Test of Psycholinguistic Abilities: Er ein inter- og intraindividuell diagnostisk test for kartleggjing og vurdering av born med språk- og lærevanskar. Testen vil bli gått gjennom og sett inn i ein pedagogisk samanheng. Deltakarane blir sertifiserte ved å utføre |
| fem treningsprotokollar mellom kurset sin første og andre del og i tillegg fem originalprotokollar etter avslutta kurs. Dei siste protokollane må gjerast på born fra fire til ti år og dannar grunnlaget for eit ITPA-sertifikat. |
Kurshaldar Hans Grove, avdelingsleiar for logopediav-delingen ved Eikelund kompetansesenter i Bergen.
Målgruppe Spesialpedagogar med godkjend spesialpedagogikk 2. avdeling. (Tilsvarande masteremne 6 og 7 ved Høgskulen i Volda).
Opptakskrav Det er ein fordel å vere i arbeid med born, ungdom eller vaksne for å ha tilgang til utprøvinger av studieopplegg og praksis. Deltakarane må sjølv skaffe seg tilgang til ein ITPA testkoffert.
Undervisning - Kursleiar går gjennom testen - Kursdeltakarane trener på testen under rettleiing - Eigenaktivitet
Uttelling Etterutdanning med kursbevis
Kurspris 2500 kroner - Dette inkluderer kontroll av testprotokollar etter avslutta kurs. Tidspunkt Fredag 4. juni, klokka 17 - 21 Laurdag 5. juni, klokka 09 - 15 Fredag 10. september, klokka 15 -19
Kursrabatt Dersom du ønskjer å melde deg på både Reynell- og ITPA-kurset kan vi tilby ein redusert pris på 3200 kroner. Du må då melde deg på begge kursa innan 21. mai.
Søknadsfrist 21. mai 2004
Kontakt Kontoret for etter- og vidareutdanning ved Signe Valsø | T: 70 07 53 18 | E-post: sva@hivolda.no |
|