|
- IKT-basert skoleutvikling gjennom lærende nettverk -
Tiltaket "Lærende nettverk" er eit initiativ for å etablere nettverk av skular som eit verkemiddel for kompetanseutvikling og kunnskapsdeling. Dette er eit nasjonalt tiltak som er sett i gang av Utdannings- og forskingsdepartementet under Program for digital kompetanse. 
Samarbeidet i nettverket skal stimulere skule og lærarutdanning til å drive IKT-basert utviklingsarbeid, og støtte arbeidet deira gjennom deling og vidareutvikling av kunnskap og erfaringar. Hovudmålet er at skular, skuleeigarar og lærarutdanningar skal bevisstgjerast og kvalifiserast slik at IKT i større grad vert tatt i bruk i læringsarbeidet der det gir fagleg og pedagogisk meirverdi.
Aktørane i tiltaket er skular, skuleeigarane, lærarutdanninga, og utdanningsadministrasjonen i Møre og Romsdal fylke.
Å bygge på kunnskap frå tidlegare prosjekt og forsking er sentralt. I Møre og Romsdal dannar mellom anna prosjekta PILOT og PLUTO eit godt grunnlag for utvikling i eit lærande nettverk (for PLUTO ved Høgskulen i Volda, sjå her). Meir informasjon om Lærende nettverk er å finne i Tiltaksbeskrivinga for Lærende nettverk.
Nettverk nr. 1 vart starta hausten 2004 og vet avslutta hausten 2006. Det er starta eit nytt nettverk hausten 2006. Sjå menyen til venstre for oversyn over skulane i dei to nettverka og annan relevant informasjon.
Lærende nettverk har no ein eigen nettside: http://www.godoy.no/ln/
|