|
"NYE LÆRINGSFORMER OG NYE ROLLER - Lærarstudenten i IKT-støtta læringsprosessar"
Vekst, utvikling og endring er nært knytt til læring, og slik vil også føresetnadene for læring og sjølve læringsprosessane endre seg. Med bakgrunn i denne erkjenninga har Høgskulen i Volda no sett i gang eit omfattande utviklingsprosjekt i allmennlærarutdanninga, PLUTO-prosjektet, som frå hausten 2001vil omfatte alle dei nye 1.års studentane.
Eit sentralt poeng i prosjektet vil vere å gje studentane allsidige læringserfaringar, og læringserfaringar som er i tråd med sentrale føringar i det nye planverket for grunnskulen, vidaregåande skule og for lærarutdanninga. Studentaktive læringsformer og ansvar for eiga læring vert ei utfordring både for studentar og lærarar, noe som krev fleksibilitet og endring i både studentrolla og lærarrolla. Ein nyutdanna lærarar vil få ansvar for læring og utvikling for born og unge dei neste 40 åra, dette er eit ansvar som krev allsidig erfaring og kompetanse.
I dag hevdes IKT å vere ei av dei sterkaste drivkreftene i utvikling innan utdanning og arbeidsliv. Dei nye lærarstudentane vil derfor møte og aktivt ta i bruk IKT i eigne læringsprosessar i studiet, også i høve til praksisopplæringa i grunnskulen. Høgskulen har satsa mykje på å ha nytt og oppdatert datautstyr på plass frå studiestart hausten 2001.
Roy-Asle Andreassen, prosjektkoordinator
|